Hopp til innhold

To nordmenn arresterte i internasjonal gambling-sak

Politiet i Agder har arrestert tre personar i ein samordna aksjon med amerikansk politi mot ein internasjonal gambling-liga.

Påtaleleiar Geir Magne Søfteland i Agder politidistrikt.

Påtaleleiar Geir Magne Søfteland i Agder politidistrikt seier at tre personar er arresterte i saka.

Foto: Pål G. Tegnander / NRK

Påtaleleiar i Agder politidistrikt, Geir Magne Søfteland, opplyser at dei har arrestert to norske statsborgarar og ein amerikansk statsborgar i saka. Alle dei tre er busette her i landet.

Dei to nordmennene er sikta for bistand med pengeoverføringar som stammar frå straffbare forhold. Den amerikanske statsborgaren blir sikta for ulovleg gambling, pengeutpressing og kvitvask av pengar. Han blir truleg utlevert til USA i løpet av kort tid.

San Diego og Los Angeles

Nyheitsbyrået AP melder at leiaren for gamblingringen er ein nordmann, og at han vart arrestert her i landet. Også broren hans skal vere blant dei arresterte. Politiet i Agder vil ikkje stadfeste at det er snakk om to brør. NTB melder at det er snakk om to brør frå Tvedestrand i Aust-Agder.

Gambling-ligaen skal ha operert både i San Diego og Los Angeles. Verksemda skal ha flytta først til Panama og deretter til Peru, etter at dei vart dømde for ulovleg gamblingverksemd i USA.

Geir Magne Søfteland opplyser at saka starta med ei melding til politiet frå Skatt Sør om dei to som er busette i Agder. Så fekk politiet vite at amerikansk politi etterforska same saka, og det har sidan vore ei omfattande etterforsking både i USA og i Noreg

Omfattande telefonavlytting

Nettavisa UTSandiego.com melder at arrestasjonane kjem etter at det amerikanske føderale politiet FBI har gjennomført omfattande telefonavlytting av personar som er knytte til gambling-selskapet.

Ein av nordmennene skal ifølgje nettavisa i San Diego vere grunnleggjar av firmaet Macho Sports International. Det var i ettermiddag ikkje mogleg å kome inn på nettsidene til Macho Sports.

Dei 17 arresterte er sikta for organisert svindel, utpressing og for å drive ulovleg gamblingverksemd frå Panama og Peru for å kome seg unna amerikansk lovgiving på dette feltet.

Valdsbruk

Assisterande statsadvokat Andrew Schopler i San Diego seier at ringleiarane er mistenkte for å ha sendt valdelege innkrevjarar for å få inn pengar frå spelarar som ikkje greidde å betale gjelda si. Folk skal ha blitt trua med våpen, og politiet mistenkjer også at gjeldsoffer har blitt bortførde.

Han seier også at det truleg vil ta fleire månader å etterforske saka.

FBI opplyser at Macho Sport har henta inn millionar av dollar frå gamblarar i San Diego og Los Angeles dei siste åra. Det er teke beslag i verdiar av rundt fem millionar dollar, rundt 30 millionar kroner.

SISTE NYTT

Siste nytt