Hopp til innhold

Full krangel mellom Iran og Saudi-Arabia etter Mekka-tragedie

Tragedien i Mekka som kosta over 760 menneskeliv har ført til full krangel mellom Midtaustens to stormakter. Iran skuldar erkefienden Saudi-Arabia for å lyge om dødstalet, og arabarane slår tilbake og skuldar Iran for å slå politisk mynt på tragedien.

Mekka - En skadet blir fraktet bort

En død person blir fraktet bort etter tragedien der minst 769 mennesker ble trampet i hjel.

Foto: STRINGER / Reuters

IRAN-US-NUCLEAR-KHAMENEI

– Saudi-Arabia må seie unnskyld, meiner Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei.

Foto: - / Afp

Dei saudiske styresmaktene sitt offisielle dødstal etter tragedien der mange hundre menneske vart trampa i hel i Mekka, er 769 døde. Men dødstala varierer, og Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, meiner at meir enn 1000 pilgrimar døde i ulykka.

Også framfor Saudi-Arabias ambassade i Iran har det vore store protestar mot saudiske styresmakter og deira handtering av tragedien.

  • Saka held fram etter TV-innslaget frå NRKs besøk i Mekka denne veka.
Mekka

NRK var med til Mekka denne veka. Me fulgte Adem Guven på hans pilegrimsreise. Sjå kva han tenkte då tragedien var eit faktum.

– Saudi-Arabia må ta ansvar

Khamenei krev no ei unnskylding frå Saudi-Arabia, som han meiner ikkje hadde gjort ein god nok jobb for å ta vare på tryggleiken i området der ulukke skjedde. Han kallar arabarane for inkompetente.

– I staden for å legge skulda på det eine og det andre, så burde saudiarane akseptere at dei har ansvar, og be om unnskyldning til muslimane og offera sine familiar, står det i ein tekst på Khamenei si eiga nettside.

Han seier den muslimske verda har mange spørsmål, og understrekar at «dødsfalla til meir enn 1.000 menneske er ikkje noko lite tema».

Ifølgje dei offisielle tala skal 144 av dei døde pilegrimane ha vore iranske, og 323 iranarar skal framleis vere sakna etter tragedien.

– Iran burde vite betre

Svaret frå styresmaktene i Saudi-Arabia er at Iran prøver å bruke tragedien som ein moglegheit til å utøve politikk.

UN-ASSEMBLY/ Al-Jubeir poses for photographers in the United Nations Secretary General's office at the United Nations headquarters in Manhattan, New York

Utanriksminister i Saudi-Arabia, Adel al-Jubeir, meiner Iran bør halde seg for gode til å slå politisk mynt på tragedien i Mekka.

Foto: CARLO ALLEGRI / Reuters

– Iran burde vite betre enn å lage politikk ut av ei tragedie som har råka folk som utførte ein av deira mest heilage religiøse ritar, seier Saudi-Arabias utanriksminister, Adel al-Jubeir, som er i New York for å delta på FNs høgnivåveke, nett slik også Rouhani er.

Utanriksministeren seier at Saudi-Arabia skal gjere alt dei kan for å finne ut kva som skjedde, og at dei vil offentleggjere informasjonen så snart den kjem. Han seier også at Saudi-Arabia har lange tradisjonar med å bruke enorme ressursar for å prøve å oppnå suksessrike pilegrimsreiser.

SAUDI-HAJ/KHAMENEI Demonstrators chant slogans during a protest against Saudi Arabia after a crush in which at least 155 Iranians were killed at the haj pilgrimage, in front of Saudi Arabia's embassy in Tehran

Framfor ambassaden til Saudi-Arabia i Teheran har det vore store demonstrasjonar.

Foto: TIMA Agency / Reuters

Saudi-Arabia har mellom anna sagt at ulukke kan ha skjedd fordi pilgrimar ikkje følgde ordre. Men mange av dei som var til stades har klaga på stengde vegar, dårleg organisering og høge temperaturar.

SISTE NYTT

Siste nytt