Hopp til innhold

FN: 218.000 kryssa Middelhavet i oktober

Det kom like mange migrantar over Middelhavet i oktober månad, som i heile fjor.

GREECE-TURKEY-EUROPE-MIGRANTS

Båtflyktningar kjem i land på den greske øya Lesvos

Foto: ACHILLEAS ZAVALLIS / Afp

Det er FN sin høgkommissær for flyktningar som opplyser dette i dag. Tala viser at migrantane ikkje lar seg stoppe av hauststormar no som det går mot vinter.

FN skriv på sine heimesider at fleire og fleire flyktningbåtar forliser i Egearhavet. Årsaka er dårleg vêr.

Laster Twitter-innhold
Greece Migrants

Ein flyktningbåt som ikkje klarte overfarten fra Tyrkia til Samos. Dei tretti passasjerane vart berga i land.

Foto: Alexis Malagaris / Ap

Menneskestraumen skaper kaos på Balkan

Lenger nord, i Slovenia, er det kaos på grensa. Spesielt fordi Austerrike krev at alle som kjem blir registrert, og at innpasseringa skjer på ein ordna måte.

flyktninger presser på til Østerrike.

Fullt kaos på grensa til Austerrike førre veke.

Det er sett opp gjerder på den austerrikske grensa. Dette har ført til trengsel og til tider farlege situasjonar, der spesielt små born har stått i fare for å bli klemt i hel.

Laster Twitter-innhold

Det slovenske nyheitsbyrået seier at over 8.000 ankom Slovenia på laurdag.

SISTE NYTT

Siste nytt