Ved å klikke på linken kan du lese den originale prosjektbeskrivelsen på engelsk. I tillegg til dette ynskjer UD å kome med nokre utfyllande kommentarar. Kommentarane er lagt under linken i kursiv.
Riksrevisjonen skriv i ein e-post den ikkje kan kommentere på lista fordi dei ikkje kjenner prosjekta.
Fuglekikking:
UDs kommentar: Samarbeid mellom ornitologar og skogforvaltning for å auke merksemda om det biologiske mangfaldet som er under press på grunn av inngrep i naturen. Det blir gjennomført ei rekke seminar/arbeidsgrupper som involverer lokalbefolkninga og skuleelevar i det praktiske konserveringsarbeidet.
UDs kommentar: Prosjektet skal styrke arbeidet til den latviske ornitolog-foreininga i høve til medlemmane og i høve til medverking i lokalt styresett.
Prosjektet involverer befolkninga i urbane strøk på Malta, og har som føremål å kartlegge fuglereir for å hindre at reira blir øydelagde som følgje av t.d. byggeprosjekt.
Forsking:
UDs kommentar: Forskningsprosjekt for å kartlegge balansen mellom arbeid og familieliv.
UDs kommentar: Nasjonalt forskningsprosjekt for å kartlegge ulik tidsbruk mellom kjønna. Begge prosjekta går ut på å kartlegge balansen mellom arbeid og familieliv, ikke minst fordelingen mellom kvinner og menn av ulønnet omsorgsarbeid. Rapportene skal danne grunnlag for politikkutvikling i Polen og Portugal knyttet til likestilling, med NOVA som norsk partner
UDs kommentar: Tsjekkisk juniorforskar lærer av norsk seniorforskar (Thomas Hylland Eriksen). Prosjektet finansierte to vekes opphald ved UiO for ein hospitant frå universitetet i Hradec Kralove, for å auke forskarmobilitet mellom Tsjekkia og Noreg.
Privatøkonomi:
UDs kommentar: Prosjektet skal gje ikkje-finansiell hjelp for å styrke svake grupper og motvirke sosial ekskludering for dei med høg gjeld i ni bydelar i Warszawa, i samarbeid med frivillige organisasjonar.
UDs kommentar: Prosjektet skal bidra til meir innsyn i den offentlege pengebruken, mellom anna gjennom etableringa av ein database der folk kan finne informasjon om korleis det offentlege brukar skattebetalarane sine pengar.
Urbant liv:
UDs kommentar: Prosjektet framstiller den multietniske historia til byen Braila med si spesielle samansetting av folk, tru og bakgrunn – med grekarar, jødar, lipovenarar, tyrkarar og rom. Målet er å styrke mangfaldet og forståinga for ulike kulturar. Formålet er også å styrke relasjonane mellom rumenske og norske aktørar innan kultursektoren.
NRK har fått vite av animasjonsselskapet Jazzmontør.no at det i praksis skal bli laga to holografiske animasjonsfilmar. Ein om okkupasjonen av fortet i Braila og ein om dei ulike folkegruppene som bur i byen.
UDs kommentar: Prosjektet skal skape interesse for og vise fram utviklinga av byrommet i Katowice og på denne måten betre forståinga av kulturarven.
UDs kommentar: Innbyggarar, lokale styresmakter og frivillege organisasjonar er invitert til å delta i byplanlegginga i Gdansk.
Poesi og literattur:
UDs kommentar: Målet er at moderne poesi frå Island og Polen skal nå eit større og breiare publikum. Midlane skal finansiere oversetting av 30 poetar, deltaking på litteraturfestivalar, samarbeid med musikarar og andre tiltak.
UDs kommentar: Prosjektet gjenfortel tre folkeeventyr som blir sett på som diskriminerande. Målet er å fremje demonkratiske verdiar, likeverd mellom kjønna og motverke fordommar, rasisme og diskriminering av homofile.
UDs kommentar: Prosjektet skal digitalisere verdifull rumensk litteratur frå middelalderen, gjere gamle manuskript søkbare og tilgjengelege for forskarar og publikum.
Prosjektet tek utgangspunkt i stenginga av eit litteraturmuseum og har som mål å få frivillege organisasjonar meir involvert i lokale, regionale og nasjonale styresmakter.
Rollespel:
UDs kommentar: Misvisande tittel. Rollespel for å auke kjennskapen til historiske verdiar og mangfald. Prosjektet skal gje betre innsikt i lokalhistoria og det kulturelle mangfaldet, og brukar kulturelle verkemiddel for å undervise publikum.
UDs kommentar: Prosjektet skal styrke demokratiet, deltaking frå borgarar og frivillige organisasjonar sin kapasitet.
Frivillege organisasjonar:
UDs kommentar: Prosjektet har som føremål å auke folk si deltaking i beslutningsprosessane både lokalt, regionalt og nasjonalt, samt på EU-nivå. Prosjektet vil få fleire til å engasjere seg og forstå at dei kan ta del i styringsprosessane i Latvia og i EU og aktivt bruke dei moglegheitene EU har lagt til rette for.
UDs kommentar: Prosjektet handlar om å kartlegge kva konsekvensar fjellklatring og anna ekstremsport har på det biologiske mangfaldet, og auke folk sin kjennskap til berekraftig bruk av naturen.
NRK har vore i kontakt med Simeon Arangelov som er talsmann for prosjektet. Han seier at hovudfokuset er fjellklatring og å kartlegge fugl og flaggermus i områder ein driv fjellklatring.
Kultur:
- Det europeiske fløyteforumet - 700 000 kr (Poznan, Polen)
- Dirigentkonkurranse - 700 000 kr (Bucuresti, Romania)
- «Samanbinding av EU gjennom kino og dans» - 1,4 million kr (Cluj, Romania)
UDs kommentar: Prosjektet skal auke merksemda om det kulturelle mangfaldet i Romania, eit partnarskap mellom islandske og rumenske kunstnarar.
UDs kommentar: Prosjektet skal styrke nysirkus-feltet i Portugal og i Noreg, og gjennom kulturformidling styrke pedagogikken og den generelle opplæringa.
UDs kommentar: Prosjektet skal styrke lokal kulturell identitet og legg vekt på rumenske tradisjonar og handverk, det involverer antropologar og geografar.
- «Shakesploring» Nytolking av Shakespeare - 1,2 million (Gdansk, Polen)
- Dokketeater - 1 million kroner - (Gdansk, Polen)
- Skriv ein vitskapsopera - 1,2 million kroner (Portugal)
- Fra Chopin og Tellefsen til det 21. århundre - 6 millioner kr (Warzsawa, Polen)
- Gjenkjenning gjennom dans - 2,3 million kr (Warszawa, Polen)
- Dokumentere 1500 pomeranske helgengraver - 2,5 million kroner (Gdansk, Polen)
- Moderne musikk - 550 000 kr - (Warszawa, Polen)
- Folkemusikk og dans ved Strilaringen og ensemblet Slask - 1 million kroner (Koszecin, Polen)
- Kunstprosjekt inspirert av gresk drama på tidlegare militærbase - 170 000 kroner (Zsambek, Ungarn)
UDs kommentar: Prosjektet skal styrke demokratiske krefter og den frivillige sektoren, og fremje rolla som vaktbikkje. Gjennom å feminisere ein gammal militærbase vil det fokusere på kvinner si påverking på maktapparatet. Kunstprosjektet inkluderer også rom, tyskarar og innvandrarar, i det gamle greske dramaet sin tradisjon.
- Lydkunst og robotkunst - 870 000 kroner (Gdansk, Polen)
- Kunstutveksling Polen, Noreg, Island - 3,4 millioner kroner
- Kurvfletting i Polen - 1 million kroner
- Historia om dei 497 bondesandalane - 560 00 kr
- Moderne kunst for lokalsamfunn i Romania - 1,4 millionar
- Jazz i parken i Romania 1,3 millionar
- Internasjonal sogeutveksling i Polen 800 000 kr
Fotoutstillingar:
- Polsk-norske fotografier - 560 000 kr
- Portrett av kvinner i den spanske fiskeindustrien - 34 000 kr
- Hennar historie, to kvinner bak kamera - 170 000 kr
- Foto Romania - 150 000 kr
Støtte til skogvoktarar
- Støtte til skogvoktarane si fagforeining i Litauen - 560 000
- Lage reguleringsplan for Zielonka-skogen 580 000 kr (Polen)
(Summane er konvertert til krone frå euro med xe.com. Det er kun EØS bidraget som er teke med, ikkje den lokale medfinansieringa. Summane er runda nedover).