Gislane er blitt tekne av ein milits i Libya som er ein del av ei gruppe som kallar seg Fajr Libya, fortel Touhami Abdouli i Tunisias utanriksdepartement. Militsen kontrollerer hovudstaden Tripoli og den tredje største byen, Misrata.
– Me kjem til å gjera ein innsats for å løyse dette på eit politisk nivå. Eg er optimistisk, sa Abdouli til radiokanalen, Shems-FM i Tunisia.
Gislane brukt til forhandlingar
Den Tunisiske konsulen i Tripoli, Ibrahim Rezgui, seier han har teke imot klagar frå tunisiske statsborgarar som er uroa for gislane.
– Om lag 172 er teke som gislar av militsen som er alliert med Fajr Libya, men det kan vera fleire, meiner han.
Rezgui opplyser også at dei er i kontakt med Libyske myndigheiter om tilstanden til gislane.
- LES OGSÅ:
Ifølge tunisiske myndigheiter så vart dei fanga etter at ein av leiarane i militsen, Walid el-Klibi, vart arrestert torsdag i Tunis.
– Saka hans er under etterforsking. Han vil bli sluppen fri om det ikkje vert funne noko mot han, opplyser Rezgui.
Vil kvitte seg med alle fraksjonar i landet
Libya har vore prega av manglande stabilitet og omfattande konfliktar mellom ulike fraksjonar, etter at den tidlegare president Muammar al-Gaddafi vart teke til fange og seinare drepen i 2011.
- LES OGSÅ:
Fajr Libya har tidlegare sagt til nettavisa Al-Arabiya at målet er å sette landet på rett spor igjen etter opprøra som starta i februar 2011. Gruppa sa også at dei vil ha stabilitet og tryggleik i landet. Opprørande som fjerna Muammar al-Gaddafi frå makta har teke del i deira operasjonar for å reinska landet for alle stammefraksjonar og væpna grupperingar, ifølge gruppa.