Hopp til innhold

Innhaldet i pakken var ufarleg

Pakken som vart funnen utanfor kontoret til Tysklands forbundskanslar Angela Merkel viser seg å vere ufarleg, opplyser tysk politi.

Angela Merkel

Desse gule kassene stod utanfor kontoret til Angela Merkel i Berlin, og politiet sperra av området rundt.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

– Ekspertane fant ingenting mistenkeleg i pakken, seier ein talsmann for
det tyske føderale politiet.

Onsdag morgon fann politiet ein pakke. Den låg i ei av fire gule plastkasser som vart plasert utanfor kontoret til den tyske forbundskanslaren Angela Merkel.

Politiet meinte dette er mistenkeleg, og valde å sperre av området for å sjå nærare på gjenstanden. Etter to timar med undersøkingar fekk pakken grønt lys, og sperringane vart fjerna.

Heldt statsråd som normalt

Angela Merkel

Angela Merkel deltok i statsråd som vanleg, trass den mistenkelege pakken som vart funnen utanfor kontoret.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Medan politiet sjekka ut innhaldet i pakken var Merkel og dei andre ministrane samla til statsråd inne i bygninga, fortel eit vitne til Reuters.

Tyskland er blant fleire europeiske land som har skjerpa beredskapen etter terroråtaket i Paris 13. november i fjor.

På nyttårsafta åtvara tysk politi om at dei frykta eit terroråtak i München, og folk vart bedde om spesielt å unngå to togstasjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt