Hopp til innhold

Jente (17): – Gutane tok oss på brysta og rumpa

To år på rad har unge jenter blitt trakasserte på ein ungdomsfestival i Stockholm. Politiet ville ikkje skape konflikt, og lét vere å fortelje om overgrepa.

17 år gamle Fanny blir uvel når ho hugsar tilbake på festivalen i Stockholm i 2014. Under ein konsert kom fleire unge menn opp bakfrå og tok på henne.

– Gutane var veldig nærgåande. Dei tok oss på brysta, på rumpa, og overalt. Eg følte meg kvalm, seier ho til Aftonbladet.

Gjengar med unge flyktninggutar har dei siste åra trakassert jenter på ungdomsfestivalen We are Sthlm i Stockholm, skriv Dagens Nyheter.

Avisa har fått tilgang til interne loggar som viser at politiet visste om overgrepa. Sjølv om mange klaga og melde om seksuell trakassering, fortalde politiet media at festivalen gjekk roleg for seg, med få lovbrot.

Følte seg makteslaus

Fanny, som den gong var 16 år gamal, hadde lenge sett fram til konserten med bandet Panda da Panda. Stemninga vart brått ubehageleg, då gutane oppførte seg aggressivt, fortel Fanny.

– Vi følte oss makteslause. Då vi ville forlate konserten, prøvde dei å stoppe oss, og nokon slo til oss. Eg kunne nesten ikkje forsvare meg, seier ho.

Yngre menn som trakasserer unge jenter i publikum er eit tilbakevendande problem, ifølgje festivalloggen frå august i fjor.

Fanny seier at ho og vennane høyrde fleire andre jenter rundt seg som bad gutane om å slutte.

We Are Sthlm 2015

UNGDOM: Overgrepa skal ha skjedd i dei store folkemengdene under festivalen, som er for ungdom mellom 13 og 19 år.

Foto: Presse / We Are Sthlm

Masseovergrep i Köln

GERMANY-ASSAULTS/ Women shout slogans and hold up a placard that reads "Against Sexism - Against Racism" as they march through the main railway station of Cologne

DEMONSTRERER: «Mot sexisme, mot rasisme» står det på plakatane til demonstrantar i Köln. Meldingane om masseovergrepet nyttårsaftan skakar byen.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

På nyttårsaftan skal mellom 100 og 200 kvinner ha blitt utsette for seksuelle overgrep i Köln sentrum. Skildringane av desse overgrepa liknar mykje på det Fanny opplevde i Stockholm.

– Eg synest det er synd at det skal skje noko slikt som i Köln for at dette blir rapportert om her. Korfor gjorde dei det ikkje med det same det skjedde? spør ho.

Politiet har innrømt at det var feil å ikkje fortelje om hendingane som skjedde under festivalen.

– Vi burde absolutt ha skrive og fortalt om det, utan tvil, seier pressesjef i Stockholmspolitiet Varg Gyllander til DN.

Tier bevisst

Ifølgje loggane var fleire av gjerningsmennene ungdommar som har kome til Sverige som flyktningar. Dette stemmer også delvis med skildringane av gutane som tok på Fanny.

– Dei fleste hadde ein annan bakgrunn enn etnisk svensk. Men det var unge svenske gutar òg, seier ho.

Dagens Nyheter har snakka med fleire politimenn som meiner det er ein bevisst strategi å ikkje gå ut offentleg med slike historier med utanlandske gjerningsmenn.

– Dette er eit ømt punkt, nokre gongar tør vi ikkje å sei det som det er, fordi vi trur at det tener Sverigedemokraternas sak. Dette må vi ta innover oss, seier politisjef Peter Ågren til DN.

SISTE NYTT

Siste nytt