Hopp til innhold

Iran vil fløyme verdsmarknaden med 500.000 fat olje om dagen

Med eit av dei største oljelanda tilbake på verdsmarknaden, spår ekspertar at oljeprisen vil halde fram med å falle. Det har ført til både uro og glede.

KUWAIT-STOCK-ECONOMY-IRAN

Ein børsmeklar i Kuwait fortviler etter børsfall fredag.

Foto: YASSER AL-ZAYYAT / Afp

– Det er i irans interesse å selje oljen dei har på lager hurtig, for det er dyrt å lagre, sa professor Brenda Sheffer ved Georgetown universitetet til CNN.

Ifølgje det Internasjonale energibyrået (IEA), står iranske supertankarar, med 38 millionar fat på tanken, klar til å kaste loss.

LEBANON-SYRIA-CONFLICT-HEZBOLLAH

Ayatollah Khomeini kalla USA «Den store Satan» i 1979. No gjer iransk olje comeback.

Foto: MAHMOUD ZAYYAT / Afp

Oljesanksjonane heva

Sidan revolusjonen i 1979, har USA straffa land som handlar olje med Iran. I går vart dette oppheva, i samband med den nye atomavtalen.

Fangar vart utveksla og kverrsette iranske pengar gitt tilbake.

US-IRAN-NUCLEAR-EU

John Kerry fortel at fangeutvekslinga er i gang.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Afp

«Big oil» vil investere i iransk olje og gass

Verdas mektigaste oljeselskap står no klar til å investere. Total, Shell og Lukoil er blant selskapa som ynskjer å bruke over 30 milliardar dollar på å ruste opp iransk oljeutvinning.

Dette inkluderer både drift av eksisterande felt, samtidig som ein ynskjer å leite etter nye olje og gassressursar.

Ifølgje det britiske oljeselskapet BP har Iran 9,3% av verdas oljereservar, og 18,2% av gassreservane.

Dette er dei fjerde største oljereservane i verda.

Senior oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets, fryktar billeg iransk olje vil drive ned oljeprisen, og det vil ramme den norske økonomien.

Økonom Tina Saltvedt om konsekvensane for norsk økonomi.

«Oljesjeikane» fortviler

Iran-avtalen råkar dei regionale rivalane til Iran hardt. Fredag fall fleire børsar i Golfen over 6%, før det stabiliserte seg noko.

Årsaka, iranske lovnader om å fløyme marknaden med billeg olje, straks sanksjonane var oppheva.

IRAN NUCLEAR

Viseoljeministeren Amir Hossein Zamaninia, gler seg til å selje meir olje.

Foto: HASAN SARBAKHSHIAN / Ap

– Vi er klar til å auke råoljeeksporten vår til 500.000 fat dagen, sa den iranske viseoljeministeren Amir Hossein Zamaninia til nyheitsbyrået Shana.

Dette vil råke land som baserer økonomien sin på petroleum i Golfen, Venezuela, Nigeria, Russland og Brasil.

Russland har budsjettert med ein oljepris på 50 dollar fatet, og statsminister Medvedjev vurderer no om Russland må justere det energifinansierte statsbudsjettet.

Optimisme i Europa

Fleire europeiske land, som ikkje er så avhengige av oljeeksport, håpar no på auka handel med Iran.

– Eg håpar britiske bedrifter no nyttar seg av moglegheitene atomavtalen med Iran opnar for, sa den britiske utanriksministeren Philip Hammond

Iran sa i går dei vil kjøpe 114 nye Airbus, ei kontrakt som truleg er verdt 10 milliardar dollar. noko som har irritert ein profilert presidentkandidat i USA.

Laster Twitter-innhold

USA framleis på vakt

President Obama sa i dag han vil følgje Iran nøye.

– Sjølv om vi har fått ein avtale om atomprogrammet, er vi klar over at det er stor avstand mellom USA og Iran. Vi vil halde fast på å motarbeide Irans destabiliserande oppførsel. Det gjeld truslar mot Israel og våre partnarar i Golfen.

SISTE NYTT

Siste nytt