Hopp til innhold

Åtvarar NATO om Georgia og Ukraina

Påtroppande president Dmitrij Medvedjev i Russland trappar opp kampen for å hindre at Georgia og Ukraina vert medlemmar av NATO.

Dimitrij Medvedev
Foto: DMITRY ASTAKHOV / AFP

Tryggleiken i Europa er trua, seier Medvedjev.

I eit intervju med London-avisa Financial Times sa den påtroppande presidenten i dag at russarane "ikkje er glade for" signala om at dei to tidlegare sovjetrepublikkane kan verte tekne med i den vestlege alliansen.

Regjeringane i Kiev og Tblisi har bede om å få såkalla MAP-status. MAP står for Membership Action Plan, "handlingsplan for medlemskap", og vert tolka som eit signal om at dei to landa er på veg inn i alliansen.

- Urovekkjande

- Vi er på ingen måte nøgd med situasjonen kring Georgia og Ukraina, sa Medvedjev til Financial Times.

- Vi ser dette som yttst urovekkjande for det eksisterande tryggleikssystemet i Europa. Ingen stat kan vere glad for at ei militær blokk han ikkje sjølv er medlem av, kjem mot hans grenser, heldt han fram.

SISTE NYTT

Siste nytt