Hopp til innhold

– Egypt vil tape 2,4 milliarder i månaden

Turistindustrien tapar milliardbeløp etter at britiske og russiske fly har slutta å fly til Sinai. I dag kom president al-Sisi på besøk for å vise støtte.

Militæret på flyplassen i Sharm el-Sheikh

Militæret er stasjonert utanfor flyplassen i Sharm el-Sheikh.

Foto: MOHAMED EL-SHAHED / Afp

al-Sisi i Sharm

Den egyptiske presidenten besøkte flyplassen i Sharm el-Sheikh

Foto: reuters

– Eg vil ikkje tillate at lysa blir sløkt i Sharm el-Sheikh, sa Sisi til dei frammøtte journalistane.

Den egyptiske presidenten Abdel Fattah al-Sisi vart godt motteken, da han kom på overraskande besøk til feriebyen.

Formålet med besøket var å vise støtte til ein turistindustri i krise, etter den tragiske flystyrten der 224 menneske omkom.

Inntektene halvert

– Vi ligg an til å tape 2,4 milliardar kroner i månaden, åtvarar turistminister Hesham Zaazou.

Det er ei halvering av inntektene skriv nyheitsbyrået Reuters. Spesielt ille er det at flystyrten skjedde rett før høgsesongen.

Russland og Storbritannia har innstilt sine flyruter til feriestaden, på grunn av frykt for terror. Desse to landa bidreg til to tredjedelar av alle turistane til feriebyen.

EGYPT-CRASH/TOURISM Tourists sunbath on the sea side at the Red Sea resort of Sharm el-Sheikh

Framleis er det turistar på stranda ved Sharm el-Sheikh.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Viktig inntektskjelde

Saman med Suez-kanalen er turismen den viktigaste kjelda til utanlandsk valuta for utviklingslandet Egypt.

Turistindustrien fekk seg ein alvorleg knekk under revolusjonen i 2011. Men var på betringas veg. Håpet var at ein ville få ein moderat vekst i år.

Flystyrten ser no ut til å reversere dette.

Islamistar hevdar å stå bak

Organisasjonen «Sinai-provinsen», ein samarbeidspartnar til IS, tok raskt på seg skulda for flystyrten.

Det har vore fleire terroråtak Nord på Sinai dei siste åra. Mange beduinar føler seg marginalisert av den egyptiske staten. Dette gjer at islamismen har grobotn der.

EGYPT-CRASH/TOURISM A tourist walks at the Red Sea resort of Sharm el-Sheikh

Britane held seg vekke frå Raudehavet, eit stort tap for turistindustrien i Egypt.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Meir sjeldan er terror i Sharm el-Sheikh, som ligg i den nærast folketomme sørspissen av halvøya.

Den egyptiske hæren passar godt på, likevel har det skjedd angrep, som då ei bombe drap 67 menneske i 2005.

Men framleis er det ingen handfaste bevis for at det var terror bak flystyrten i oktober, og egyptiske styresmakter er frustrerte.

– Det er ingen bevis på noko som helst, sa al-Sisi i dag.

Kan bli lenge til russarane kjem attende

– Det kan bli lenge, svært lenge før vi kjem attende, minst eit par månadar, seier Sergej Ivanov, leiar for presidentadministrasjonen i Russland til nyheitsbyrået RIA.

Egypt vil no bruke om lag femti millionar kroner på ein reklamekampanje for å lokke turistane tilbake.

al-Sisi forsikra under sitt besøk i Sharm i dag, at det er heilt trygt å besøke Egypt.

– Egypt er stabilt, trygt og alle er velkomne.

SISTE NYTT

Siste nytt