Hopp til innhold

Omfattande cannabisproduksjon avdekka – aksjonerte etter tips om «rar lukt»

Politiet har avdekka omfattande dyrking av cannabis i to kommunar i Trøndelag. Elleve personar er sikta i det politiet meiner kan vere ein velorganisert produksjon.

Beslag i forbindelse med cannabis-produksjon i Trøndelag

OMFATTANDE PRODUKSJON: Tips om ei «rar lukt» gjorde politiet merksam på produksjonen.

Foto: Politiet

Seks av dei sikta er varetektsfengsla mens fem er etterlyste. Det opplyser etterforskningsleiar ved Heimdal politistasjon, Per Kristan Stokke, til NRK onsdag føremiddag.

Per Christian Stokke

Etterforskningsleiar Per Kristan Stokke i Trøndelag politidistrikt.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Aksjonerte etter tips om «rar lukt»

14. februar aksjonerte politiet mot eit hus i Haltdalen i Holtålen kommune. Etter det NRK veit, var det etter tips frå ein privatperson som melde frå om «rar lukt» frå huset.

Funn og personar knytt til huset i Holtålen, førte politiet til eit hus på Hølonda i Melhus.

Begge stader vart det funne omfattande mengder med cannabisplanter, produksjonsutstyr og ferdig cannabis.

– Eg ønskjer ikkje å uttale meg om mengde av planter og ferdig produksjon,
utover at begge beslaga gjeld grov narkotikakriminalitet, seier Stokke.

Les også Kjellar full av cannabisplanter var medisin mot migrene, ifølgje tiltalte

Del av ein organisert cannabisproduksjon

Etter det NRK har fått vete har ein av dei varetektsfengsla erkjent straffskuld. Det vil ikkje Stokke stadfeste.

På bakgrunn av omfanget av beslaget seier han:

– Ein av våre hypotesar er at dette er ein del av organisert cannabisproduksjon.

Dei fem sikta som politiet ikkje har fått tak i er etterlyste i Noreg. Politiet vurderer om dei også skal etterlysast internasjonalt.

Ein av dei som vart varetektsfengsla for fjorten dagar sidan, ber politiet om forlenga fengsling for i dag. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Ein av dei seks sikta vart sett fri etter avhøyr. Ein annan blir lauslaten onsdag ettermiddag fordi det ikkje er fare for at han kan øydeleggje bevis.

NRK har freista å få kontakt med andre av forsvararane, men utan hell.

Les også Mann i 30-årene «lokket» politiet inn i marihuanaplantasjen sin