Hopp til innhold

Koker fiskerester og matavfall med kumøkk for å produsere straum

Ei fiskeindustriverksemd i Finnmark reknar med å vere sjølvforsynt med straum neste år.

Roald Knudsen

GASS: Dagleg leiar i Liholmen Roald Knudsen seier blandinga av fiskeavfall, matavfall og kumøkk utviklar gass til den kvite gassbehaldaren,- gass som igjen blir nytta for å produsere straum.

Foto: Bård Wormdal

– Det betyr enormt mykje for oss. Vi blir ein eigenprodusent av straum. Det betyr også at vi skal kunne levere energi til andre bedrifter rundt oss.

Det seier dagleg leiar Roald Knudsen i Båtsfjord-bedrifta Liholmen.

Industriverksemda bruker mykje straum for å tilverke fiskeavfall for bruk til fôr i lakseoppdrett.

Leiinga i verksemda valde å tenkte nytt og avgjorde at dei ville sjå om det var mogeleg å produsere eigen straum ved å nytte energi i fiskeavfall, kumøkk og matavfall.

Etter det har det skjedd eit nyskapande utviklingsarbeid.

Fiskeavfall, matavfall og kumøkk vert kokt i ti dagar for å lage ein gass som driv ein turbin som igjen produserer straum.

Vegen dit har ikkje vore berre enkel.

– Det er eit pilotanlegg på verdsbasis, difor har det vore nokre utfordringar. Det er ingen å ringe, det er ingen andre som veit. Men vi ser no at det fungerer, seier driftsleiar Niclas Edøy Jensen.

Niclas Edøy Jensen

Driftsleiar Niclas Edøy Jensen framfor tanken med kumøkk, fiskeavfall og matavfall der omdanninga til gass skjer.

Foto: Bård Wormdal

500.000 kroner

Totalt har investeringa kosta Liholmen 70 millionar kroner.

Satsinga er mogeleg takka vere økonomisk støtte frå Innovasjon Norge og Enova.

Industriverksemda reknar med å spare ein halv million kroner i straumutgifter neste år.

Les også Fiskeslo og kumøk skal ta lastebilar rundt om i heile landet

Fyllestation for flytende biogass

Kumøkk frå gardar i nabokommunen

Matavfallet kjem frå heile Aust-Finnmark. Matavfallet blei tidlegare køyrt til eit forbrenningsanlegg i Boden i Sverige. Høge dieselprisar gjorde det mindre lønsamt.

– Avfallsselskapet vil levere mest mogleg lokalt. Og det er ein og ein halv time frå avfallsanlegget til der vi produserer gass av det. I veka som var fekk vi ti tonn. Med full produksjon blir det 20 tonn i veka, seier Roald Knudsen.

Anlegget får kumøkk gjennom avtaler med gardbrukarar i nabokommunen Tana. Gardbrukarane får tilbake kokt kumøkk.

– Denne bioresten er et betre gjødsel enn det dei eventuelt har sjølve,- altså kumøkka, seier Knudsen.

Omdanna fiskeavfall har industriverksemda sjølv frå den ordinære produksjonen sin.

Ved produksjon av torsk, sei og hyse og andre kvitfiskartar er det berre om lag halvparten av fisken som blir nytta til filet.

Liholmen tilset syre til fiskeavfall, som blir til ensilasje, som er ein viktig ingrediens i fôr til lakseoppdrett.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran meiner teknologien kan vere eit bidrag i den grøne omstillinga.

Foto: Bård Wormdal

Les også Lager strøm av dritt

Ku

Fiskeriminister er begeistra

Denne veka var fiskeriminister Bjørnar Skjæran på vitjing. Fiskeriministeren vart mektig imponert av det han fekk sjå.

– Dette viser kva som er mogeleg å få til med ny teknologi og gode gründerar som satsar. Eg synest dette er veldig spennande. Det handlar om å gjere ting mest mogeleg berekraftig, seier Skjæran.

Det er no konkrete planar om nyetableringar på grunn av produksjonen av straum i fiskeværet.

Les også Statnett varsler «stram» kraftsituasjon: – Kan fort få 50 prosent høyere pris

Askim 20180930
Solbergfoss kraftverk i Askim kommune i Østfold.
Foto: Halvard Alvik, NTB