Hopp til innhold

Fagforeiningsleiar reagerer: – Det trengs eit medisinsk tilbod i nord

Trakassering og mobbing i arbeidslivet er eit samfunnsproblem, meiner fagforeiningsleiar.

Mobbing på arbeidsplassen (illustrasjonsfoto)

Illustrasjonsbilde: 50.000 arbeidstakarar seier dei har blitt mobba på jobb.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Bjørn Willumsen er leiar for Fagforbundet i Tromsø kommune.

– Ofre for trakassering og mobbing i arbeidslivet treng eit medisinsk behandlingstilbod også i Nord-Norge, seier Willumsen.

For å få bukt med det han meiner er eit alvorleg samfunnsproblem, ønsker han seg eit tilbod etter modell av det såkalla Jobbfast-prosjektet ved Haukeland sjukehus i Bergen.

Ti personar har fått hjelp

NRK har tidlegare denne veka omtalt saka til Natalia Olsen, som måtte bytte arbeid etter å ha sagt frå om at sjefen mobba kollegaene hennar.

Advokat Kari Breirem, som i fleire år har tala varslarane si sak, seier til NRK at det ikkje finst eit vern for dei som varslar om kritiske forhold på arbeidsplassen sin.

Fagforeiningsleiaren meiner at dette må på plass.

Bjørn Willumsen

Fagforeiningsleiar i Fagforbundet i Tromsø, Bjørn Willumsen.

Foto: Anders Hamre Sveen

– Frå Tromsø så har ti trakasserte og sjuke vore på det unike Jobbfast-prosjektet på Haukeland i Bergen. Og det har hjelpt desse, fortel Willumsen og legg til:

– Det har vore folk som har vore traumatisert og blitt sjuke, og dei har kome ned og fått ei skikkeleg god behandling og utgreiing som har hjelpt dei vidare.

Lite medisinsk kompetanse

Mobbing på arbeidsplassen har blitt eit stort samfunnsproblem, meiner han. Belastninga ved å varsle om kritikkverdige forhold på jobben har blitt stadig større dei siste åra.

Han anbefaler at dei som blir trakassert på jobb finn seg anna arbeid.

Dei står rettsleg svakt og kompetansen på dette i helsevesenet er for dårleg, meiner Willumsen.

– Når vi har prøvd desse sakene i retten, som tok fleire veker, så har vi tapt så det suste, seier han og held fram:

– Og det trass i at alle medisinske sakkunnige og rettsoppnemnt psykiatrisk sakkunnig som følgde med kvart minutt av saka, sa at vedkommande var blitt sjuk av trakassering på jobb.

Har vore vurdert

No vil Willumsen ha eit medisinsk behandlingstilbod for mobbeofre ved Universitetetssjukehuset i Nord-Norge (UNN).

Avdelingsleiar på arbeids- og miljømedisinsk avdeling på UNN, Jan Hånes, seier at dei i fleire år har vurdert å opprette eit behandlingstilbod etter Jobbfast i Bergen.

– Utfordringa her er jo både å få til eit godt tilbod og å få på plass finansiering, seier Hånes.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark