Hopp til innhold

– Mi oppleving er at folk rett og slett er fortvila over dette forslaget

SVs gruppeleiar i Tromsø, Gunhild Johansen, reagerer kraftig på byrådet sitt forslag om å nytte areala på Holt i Tromsø til bustadbygging.

Gunhild Johansen, gruppeleiar Tromsø SV
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Eg synst det er eit forferdeleg forslag, og eg synst det er heilt feil å regulere området rundt Holt til bustadbygging, seier Johansen, som er gruppeleiar i Tromsø SV.

I april blir det endeleg avklart kva som skjer med arealet som Bioforsk har brukt til forskingsaktivitet på Holt i Tromsø. Dette har vore eit fyrtårn innanfor forsking på arktisk landbruk, men no har styret i Bioforsk vedtatt å leggje ned drifta i Tromsø. Viss drifta vert lagt ned, er det slutt på 90 år med forsking på arktisk landbruk.

– Ikkje prekært

Sjølv om det førebels er usikkert nøyaktig kva som skjer med tomta, som Landbruksdepartementet eiger store deler av, har byrådet i Tromsø allereie tenkt seg kva som kan skje med tomta.

I forslaget til kommuneplanens arealdel, foreslår byrådet å setje av eit byggeområde på 155 dekar for bustadar sør for Holtvegen oppover mot lysløypa og Bak-Olsen.

Feil bruk av eit grønområde, meiner Johansen:

– Tromsø kommune har regulert masse tomter, både på fastlandet, på øya og på Kvaløya, så det er ikkje slik at det er eit prekært behov for å fylle kvar ein grøn lunge med bustadar, meiner SV-politikaren.

Alvarstein: – Tidsriktig bustadbygning

Byråd for byutvikling, Britt Hege Alvarstein frå Framstegspartiet, meiner på si side at Holt er ideelt for bustadbygging.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Britt Hege Alvarstein, byråd for byutvikling

Dette er tidsriktig bustadbygning, seier byråd for byutvikling, Britt Hege Alvarstein (Frp).

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Dette kan vere eit godt tilskot til bustadbygging i dei nærmaste åra i kommunen. Vi synst at området er altfor viktig til ikkje å seie noko om det når vi no skal vedta ein ny kommuneplan for dei neste åra, seier byråden.

Byrådet ønskjer å bygge mellom 1200 og 2000 bustadar, og det kan bli tettbygd:

– Sånn som politikken er no og for å få ta del i belønningsordningane som finst, så må ein bygge tett og ein må nytte seg av den infrastrukturen som er. Det er i tillegg sentrumsnært, og folk kan gå eller sykle til jobb. Dette er tidsriktig bustadbygning.

SV-politikaren er ikkje einig:

– Det ligg i korta at vi går i mot dette, og vi vil mobilisere folk i Tromsø til å gå imot desse planane, seier Johansen.