Hopp til innhold

– Eg trur snømannen er mykje betre kjent ute i verda enn julenissen

I 2011 skifta flyplassen på Bardufoss namn til «Snowman International Airport», og merkenamnet skulle lokke flokkevis med turistar til Midt-Troms. Men no har Rovaniemi i Finland tatt over «snømann-turismen».

Snømenn

Bardufoss lufthavn tok i 2011 namnet Snowman international airport for å selje mot det internasjonale marknaden.

Foto: Arild D. Moe / NRK

– Vi har framleis snømannen her, men den har ikkje vore brukt nok i marknadsføringa av regionen. Og det er synd at vi ikkje nyttar den, for eg trur snømannen er mykje betre kjent ute i verda enn julenissen, seier Helene Rognli, som er ordførar i Målselv.

Ho synst det er leit at heile snømannkonseptet smelta vekk, men meiner likevel at det ikkje er heilt slutt på å bruke snømannen i marknadsføringa retta mot turistar.

Målselv

Helene Rognli, ordførar i Målselv, vil ha meir samarbeid i marknadsføringa retta mot turistane.

Foto: Eskil Mehren

– Det var mykje rundt Målselv fjellandsby som gjekk litt gale, og heile satsinga stranda når ikkje dei fekk gjort noko med konseptet. Det blei laga suvenirar, men så vart det bom stopp og konkursen vart eit faktum. Men eg veit også at aktørar i Målselv har brukt snømann-konseptet og tent på det, seier Rognli.

Vil ha meir samarbeid

Rognli trur turismen i Midt-Troms kunne ha fått eit skikkeleg løft om berre det hadde vore større vilje til å samarbeide.

– Det kjem jo masse folk til Tromsø og til Midt-Troms, og vi kunne ha gått saman om å løfte Midt-Troms, meiner Rognli.

– Er det konkurranse mellom Noreg og Finland om vinterturisme?

– Når finlendarane bestemmer seg for noko, så fullfører dei. Men eg trur vi også kan klare det om vi samarbeider, slår ordføraren fast.

Gode kvalitetsprodukt

Førstelektor Kristen Albert Ellingsen ved Handelshøgskolen på UiT Noregs arktiske universitet er einig med ordføraren i Målselv om at den finske reiselivsbransjen er meir på hogget enn den nordnorske.

Kristen Albert Ellingsen

Kristen Albert Ellingsen, førstelektor ved Handelshøgskolen på UiT Noregs arktiske universitet, meiner det er all grunn til å sjå til Finland.

Foto: Høgskolen i Finnmark

– Mykje av grunnen til at dei lykkast er at dei har forstått at mykje av konkurransen skjer på internett. Ein må ha gode kvalitetsprodukt som kunden kan skryte av i sosiale medium. Det er slik den store påverkinga på nye turistar går føre seg, slår forskaren fast.

Kva sett turistar pris på i dag?

– Mange kjem på opplevingsreise, og dei vil ha unike opplevingar. Det har vi mykje av i Nord-Norge, seier Ellingsen og legg til:

– Viss vi greier å utvikle gode og unike attraksjonar, vil turistane kome hit. Men da er vi også avhengig av å ha effektive transportmiddel og god infrastruktur.