Hopp til innhold

Hoppa fire meter opp i lufta

SKIEN (NRK): – Eg trur eg hoppa fire meter rett opp i lufta og jubla vilt, då eg las eposten. Det seier 20 år gamle Maylena Adriana Sekkingstad Jensen. Ho har fått oppfylt ein stor draum.

Maylena Andrine Sekkingstad Jensen

Maylena er glad for at draumar av og til går i oppfylling.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I dag kom arbeidsløysestatistikken som syner at Vestfold og Telemark er dei to einaste fylka i landet der arbeidsløysa går ned.

Ungdom kjem i jobb

For Telemark er det fjerde månaden på rad at arbeidsløysa går ned. Før det, låg fylket nesten på topp i landet når det gjaldt ledige. Det er veldig positivt seier distriktsdirektør i NAV, Terje Tønnessen.

NAV-direktør Terje Tønnesen

NAV-direktøren for Vestfold og Telemark har grunn til å smile.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Spesielt hyggeleg er det at arbeidsløysa blant ungdom går ned. Noko av forklaringa kan vera at det er mykje tettare samarbeid mellom heim, skule, NAV og næringslivet. Foreldre innser at utdanning lønner seg, legg Tønnessen til.

Rasande på NAV

– Eg har vore så sinna på NAV, synest ikkje dei har hjelpt meg å finne jobb. Me har opplevd at dei heller har motarbeida oss unge, seier Maylena Adriana Sekkingstad Jensen.

No har ho endra meining. Gjennom prosjektet "Kom i gang" har ho fått den støtta og hjelpa ho har etterlyst, og endeleg fekk ho napp. Rett over helga dreg ho til Sogn og Fjordane der ho har fått sesongjobb som kjøtttilskærar på slakteriet til Nortura.

– Eg blei så glad at eg hylde og skreik då eg fekk den meldinga.

Du har ikkje noko imot å flyta over fjellet?

– Nei, eg har flytta mykje i mitt liv. Eg gler meg. Og sjølv om eg berre har denne jobben i tre-fire månader, har dei sagt at det er moglegheiter for framleis jobb viss eg er flink.

Bjørg Teigen
Foto: Anne Lognvik / NRK

Kom i gang

Bjørg Teigen jobbar som konsulent hjå NAV i Skien, og ho har vore med på Kom i gang-prosjektet. Ho seier at erfaringane er svært oppmuntrande. Dei aller fleste har anten fått jobb, gått tilbake til skulebenken eller kome inn på andre tiltak.

Også for dei som jobbar i NAV er det ei glede når ein av dei unge får jobb. Unge som går lenge ledige er svært vanskeleg å få inn i arbeidslivet, og dei får også ofte uvanar som kan vera vanskelege å kvitte seg med.

Country og lastebil

Den store draumen til Maylena er å ta lastebilsertifikat, dra til USA å få seg jobb som trailersjåfør og drive med country på fritida.

– Men fyrst må eg skaffe meg jobb, tene pengar så eg kan ta lastebillappen og få meg ein leilegheit. Så den store draumen om USA er det nok lenge til eg får oppfylt. Men no har eg i alle fall jobb i nokre månader, det er ein god start, legg ho til med eit smil.

Maylena Adriana Sekkingstad Jensen

Trailersjåfør i USA er den heilt store draumen, men no har ho fått oppfylt draumen om jobb.

Foto: Anne Lognvik / NRK