På fredag førre veke kom dei nye tala frå Utdanningsdirektoratet som syner at det er ein nedgang i talet på elevar med nynorsk som hovudmål.
Dei siste fem åra har alle kommunane i Telemark som har nynorsk som administrasjonsspråk opplevd ein at dei har færre elevar med nynorsk som hovudmål.
Les også:
Kjerneområda slit
Kommunar som Vinje, Kviteseid og Tokke er tre av kommunane med størst nedgang. Dei har høvesvis fått 29, 33 og 20 færre elevar som vel nynorsk som hovudmål dei siste fem åra.
Rektor ved Rauland skule, Sten Runde Sannerholt fortel at Vinje er ein kommune i vekst.
– Me har tilflyttarar frå bokmålsområde, og frå andre land. Dei ynskjer ofte bokmål som språk for borna sine, seier Sannerholt.
Målungdommen oppmodar foreldra til å take eit val og bruke nynorsk sjølve.
– Det er viktig at foreldra gjeng føre som gode døme. Da vert det enklare for ungane deira å nytta nynorsk, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom.
Byta til bokmål
Mia Orum Sandøy i 10. klasse på Rauland skule er ein av elevane som har byta hovudmål til bokmål.
– Eg bytta då eg gjekk i 8. klasse til bokmål, fordi det ligg nærast talemålet mitt, seier Sandøy.
Ho kjem opphavleg frå Skedsmo, og fortel at ho alltid skriv bokmål privat og nyttar berre nynorsk på skulen.
– Eg får like god karakter i båe faga, men eg føler eg kan uttrykke med betre på bokmål enn nynorsk, seier Sandøy.
Held på nynorsken
Olav Midttun gjeng i 8. klasse på Rauland skule. Han skjønar Sandøy sitt val.
– Ho pratar nærast bokmål, så slik sett er det nok enklare å skrive det au, seier Midttun.
Sjølv har han valt å halde på nynorsken.
– For meg, som pratar dialekt, og er frå Rauland var det naturleg å bruke nynorsk.
Rektor ved skulen er glad for at elevane har eit medvitent forhold til språk.
– Om det er nynorsk eller bokmål speler ingen rolle, når dei i 12–13 års alderen har teke ei avgjersle på kva språk dei vil nytte, har dei teke eit medvitent val, seier Sannerholt.