Hopp til innhold

Telemarkskanalen vann namnestrid

SKIEN (NRK) : Skiensmannen som registrerte "Telemarkskanalen" som eit varemerke hos Patentstyret får likevel ikkje eige namnet. Det har Klagenemnda for industrielle rettar avgjort.

Steinar Arntzen og Arnold Nomme på Victoria

Om bord i kanaldronninga 'Victoria' er dagleg leiar for Telemarkskanalen Steinar Arntzen og kaptein Arnold Nomme glad for avgjerda til Klagenemnda for industrielle rettar.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Fylkeskommunen har fram til nå mottatt rekningar for rundt 2, 7 millionar kroner, fordi dei har brukt namnet "Telemarkskanalen" i si marknadsføring.

For dei som dagleg jobbar med turisme på kanalen er avgjerda i Klagenemnda ei stor lette.

– For Telemarkskanalen er det veldig viktig at vi har fått denne avgjerda, slik at ikkje nokon kan bruke merkenamnet Telemarkskanalen til marknadsføring av andre ting, seier Steinar Arntzen, dagleg leiar i Telemarkskanalen.

Slepp å betale store rekningar

Steinar Arntzen, dagleg leiar Telemarkskanalen

Dagleg leiar i Telemarkskanalen, Steinar Arntzen.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Arntzen seier at gjestene som har leita etter Telemarkskanalen sine nettsider har hatt det veldig vanskeleg, fordi dei ikkje har visst kva for selskap dei har kontakt med.

Telemarkskanalen fekk først ikkje medhald i Patentstyret. Men dei fekk det i Klagenemnda for industrielle rettar.

– For oss betyr det at vi ikkje lenger får store rekningar for å bruke vårt eige namn. Og våre samarbeidspartnarar kan no bruke Telemarkskanalen fritt. Vi har ikkje nokon avgrensingar i marknadsføringa, seier Arntzen.

Viktig å hindre einerett på stadnamn

Nestleiar i Klagenemnda for industrielle rettar, Elisabeth Ohm, fortel at Skiensfirmaet som er innklaga, Esthico Agenturforretning Brekke og Co, også må betale sakskostnadene på 43.000 kroner.

Klagenemnda meiner det er behov for å hindre at nokon får einerett til stadnamn som Telemarkskanalen.

– Det er behov for å hindre at nokon får einerett på stadnamn som ålmenta kan ha interesse av å bruke, seier Ohm.

Arnold Nomme, kaptein på Victoria

Kaptein på Victoria, Arnold Nomme.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

For snart eitt år sidan registrerte firmaet i Skien "Telemarkskanalen" som deira varemerke.

Firmaet kravde at blant andre Visit Telemark, Telemarkskanalens Skipsselskap og Telemarkskanalen skulle slette all bruk av merkevarenamnet.

Om ikkje det skjedde ville dei bli kravd for ei brukaravgift.

Piratverksemd å kapre namnet

For kaptein, Arnold Nomme, på Victoria var det heilt uverkeleg at nokon skulle finne på å ta eigarskap over namnet Telemarkskanalen.

– Eg synest Klagenemnda si avgjerd er bra. Og det var veldig pirataktig av han som registrerte namnet for å tene store pengar, seier Nomme.

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med Øivind Brekke i firmaet Esthico agenturforretning. Han har tidlegare avslått å uttale seg om saka.