Siste nytt

  • Militær trafikk på E18

    Torsdag startar transporten av 20.000 tonn militær materiell etter at NATO øvinga Noble Ledger er avslutta. Det betyr stor militær trafikk på hovudvegnettet på Austlandet frå Rena til Fredrikstad. Noko av militærmateriellet vil bli frakta på E18 frå Oslo til Brevik.

  • Forlenga varetekt

    Mannen som brukte ein ljå til å true og rane ei kvinne i Porsgrunn i august har fått forlenga varetektsfengslinga med fire veker. Det var laurdag 4. august at ei 78 år gamal kvinne blei rana i sin eigen heim på Vestsida i Porsgrunn. Mannen har samtykka i at varetektsfengslinga blir forlenga. Saka kjem for retten i november.

  • Havarikommisjonen om dødsulykke

    Statens havarikommisjon meiner kollisjonen mellom ein taxibåt og ein fritidsbåt i Kragerø i juli ifjor skjedde fordi ingen av båtførarane oppdaga kvarande tidsnok til å unngå kollisjon. To personar omkom i ulykka. Havarikommisjonen peikar på at taxibåten hadde ei defekt laterne på babord side, og at føraren av fritidsbåten var påverka av alkohol som medverkande årsak til kollisjonen.

  • Fleire les TA

    For første gang på mange år, har TA fleire lesarar av papiravisa enn Varden. Det viser lesartala for mediebedriftenes landsforeining som kom i dag. Tala viser at 53.000 personar les TA på papir kvar dag, mens 52 000 les Varden.

TV og radio

Tryllekunstner Alexx Alexxander besøkte radiostudio.
Vinneren av Ibsenprisen kom til Skien mandag
Nytt supervåpen for Utrykningspolitiet.

Flere nyheter

Se alle sendingene fra NRK Østafjells

NRK Østafjells logo

NETT-TV: NRK Østafjells

Radiosendinger

Kurér radio - Foto: Billy Jacobsen /
Foto: Billy Jacobsen

RADIO: Hør alle sendingene fra NRK Telemark