Sverre Lunde Pedersen var jublande glad då sølvet i Berlin var eit faktum. Etter målgang sklei han rett bort til pappa og tidlegare landslagstrenar Jarle Pedersen for ein skikkeleg godklem. Jarle hadde knapt nok stemme igjen etter å ha ropt frå tribuna i to dagar.
– Det betyr kykje å ha foreldra mine her. Die har mykje å seie for denne framgangen, og det er ekstra gøy å lykkast når dei er her, seier ein glad sølvvinnar til NRK.
– Svolten og motivert
– Eg har aldri vore så nær Sven som denne helga, og er svolten og motivert for å jobbe vidare.
Pedersen møtte Kramer i siste par på 10.000, og visste at han hadde 4,68 sekund til gode på Jan Blokhuijsen i kampen som sølvet.
Blokhuijsen – som det var sagt var sjuk før dagens løp – hadde gått eit sterkt løp på 13.10,92 i paret før.
– Eg hadde magesjau og trudde ei stund ikkje eg kunne gå. Men med litt behandling gjekk det bra likevel, seier Blokhuijsen.
Gjekk for å følgje Kramer
Pedersen gjekk ikkje for å sikre sølvet. – Han skal halde følgje med Kramer så lenge som mogeleg, sa landslagssjef Sondre Skarli før start.
Det gjorde Pedersen med bravur i 22 av dei 25 rundane. Då viste Kramer kva han kan, og drog frå. Han vann distansen med 13.07,19. Pedersen kom inn til 13.11,83, med rikeleg margin til sølvplassen.
– Det gjekk veldig lett dei første 15 rundane. Så tok det til å bli litt tyngre. Mot slutten grov eg ganske djupt, så det var godt å klare å halde farten heilt inn.
– Vi hadde ein fin fight, men eg hadde litt meir å gå på på slutten, sa Kramer, som parkerte Pedersen med 29,7 og 30,1 på to av dei siste tre rundane.
Eit halvt 500 m-sekund
Sluttresultatet viste ein avstand til Kramer tilsvarande eit halvt sekund på 500 m. Det er ein avstand Sverre normalt skal vere god nok til.
– I fjor var målet bronse, i år sølv, og nest år er målet gull, seier Skarli.
Neste år går allround-VM på Hamar.
– Då skal både Sverre og Håvard vere på pallen, seier landslagstrenaren.
VM-gull nummer åtte
Sven Kramer var favritt, og var nok ein gong ustoppeleg. Dette var åttande gongen han vann allround-VM. Han har vunne alle han har delteke i sidan 2007.
Han lovar å kome tilbake også på Hamar neste år.
– Der kan det av og til vere litt problem med forholda, men vi får håpe dei får det til neste år. Det var iallfall fint i Stavanger tidlegare i vinter, seier Kramer.
Håvard Bøkko gjekk også ein kontrollert 10.000-meter. Han tok fjerdeplassen både der og i samandraget. Tida på mila vart 13.19,25, og han slo verdsrekordhaldar Ted-Jan Bloemen med over to sekund.
Simen Spieler Nilsen vart nummer 10.
– Dette er den beste lagprestasjonen i mi levetid. Og eg er 30 år, seier Skarli.