– Eg vil gjerne reise til New York. Men på same tid vil eg bli overraska om eg må reise dit for denne kampen.
Den anerkjente sjakkjournalisten Dirk Jan ten Geuzendam er sjølvsagt på plass under Norway Chess i Stavanger. Og redaktøren i «New in Chess Magazine» er klar i si sak.
Han trur ikkje det blir tur til New York i november.
Rykter kom da Karjakin vann
– Eg vil ikkje bli overraska om eg må reise ein anna plass. Det er klart at ikkje alle dei involverte i dette tenkjer på New York, seier Geuzendam.
I mars blei det bekrefta at VM-finalen mellom Magnus Carlsen og Sergej Karjakin skulle gå i meterepolen New York. Kampen skulle arrangerast av selskapet Agon som tidlegare har jobba med å gjere sjakk meir publikumsvenleg og glamorøst.
Nå er det sju månader til VM skal gå i New York, men rykta i miljøet seier noko anna.
– Det er klare rykter som starta etter at Karjakin vann kandidatturneringa. Om nokon av amerikanarane hadde vunne hadde ingen starta ryktene heller, forklarer Geuzendam.
At selskapet med dei kommersielle rettigheitene verken har bekrefta spelested eller sponsor for finalekampen set også fart på spekulasjonane. Tidlegare har også arrangørstad for viktige meisterskap og kampar blitt endra i siste liten.
Noko det internasjonale sjakkforbundet kan gå inn og gjere også i dette tilfelle.
Sponsorar påverkar
Tidlegare president i Norges sjakkforbund, Jøran Aulin-Jansson, har framleis trua på New York som VM-by, men klarer ikkje å vere heilt skråsikker.
– Så vidt eg veit blir det New York, men ein sluttar aldri å bli overraska over det sitjande regimet i sjakkforbundet. Det er mange i Russland som ynskjer at kampen skal gå i Moskva eller Sotsji, seier Aulin-Jansson.
Han trur også sponsorar påverkar forbundet.
– Eg vil tru det er er ein del sponsorar som også vil ha eit ord med i laget med tanke på spelestad. Men det begynner å vere greit å få det på plass nå, seier Aulin-Jansson.
Geuzendam forklarer ryktene om eventuell flytting både med russiske interesser og økonomi.
– Prispengane i New York er dei lågaste ein har sett på mange år, dei er på minimumsnivå. Derfor vil det nok vere av interesse for begge spelarane å sjå på alternativ. Men Agon (arrangør) seier det 100 prosent sikkert vil bli New York.