– Det er herleg. Skytinga er bra. Det er eigentleg ikkje til å tru, sa ein svært roleg skyttarkonge etterpå. - Det hadde eg aldri trudd før vi gjekk på standplass i dag, la han til.
Han skaut 100 i den ordinære omgangen også. Då sat sju av tiarane midt i blinken.
– Det er det du må ha, sa ein lakonisk Lund til NRK då. Men då visste han ikkje at han skulle ut i omskyting med åtte andre om kongetittelen.
Sjå intervjuet med skytterkongen:
– Er glad i omskyting
Rune Vandevjen Olsen frå Nord-Odal vart prins og Mona Isene frå Rennebu prinsesse.
– Det høyrest veldig bra ut å kunne kalle seg skyttarprins, men det var overraskande. Eg er veldig glad i omskyting, så det passet meg bra. Eg var litt nervøs og uroleg før eg gjekk inn, men det roa seg då eg skaut, og eg klarte å fokusere på det eg skal gjere. Så eg er fornøgd, sa Olsen etter at prinsetittelen var klar.
Jamnare kongelag enn årets har eit landsskyttarstemne aldri opplevd. Ikkje mindre enn ni av dei 15 skyttarane i kongelaget landa på 346 poeng.
Dermed måtte det ei rekordstor omskyting til, og der avgjorde innertiarane.
Den gamle "rekorden" var frå 1936 då fire mann skaut om. No var det meir enn dobbelt så mange.
Sju med fullt hus på kongelaget
Sju av dei 12 som hadde 246 som utgangspunkt, skaut fullt hus, 100 poeng. Tor-Erik Fossli på skive 2 og skaut 99 og Anders Kruhaug på skive 1 skaut 98, og begge dei enda også på 346.
Anders Kruhaug hadde skive 1 i kongelaget. Han var den einaste med 248 poeng frå den innleiande skytinga. Tor Erik Fossli og Hans Vidar Stensrud låg poenget bak. Alle dei 12 andre i kongelaget hadde 246 poeng som utgangspunkt.
Alle fem skyttarane på skivene 6–10 skaut fullt hus, medan ingen på dei fem siste skivene klarte det.
– Det fortel ein heil del om prersset ved å ligge på dei fremste skivene, sa NRKs ekspertkommentator Ola Lunde.