Det var på banketten etter lag-EM i Tsjeboksary det heile skjedde. Ifølgje brevet signert dei to utøvarane Grete Etholm og Kristin Sundsteigen, som TV2 fyrst omtalte, skal ein utøvar ha vore overstadig rusa.
Det er denne personen som no blir straffa av friidrettsforbundet for brot på retningslinjene under meisterskap.
Ikkje opplevd det før
– Den personen det gjeld vil få ein skriftleg advarsel i høve til dei retningslinjene som gjeld. Der står det mellom anna at i seniormeisterskap skal ingen vere synleg rusa, seier visepresident Tore Hordnes.
Friidrettsforbundet har ikkje opplevd ein liknande situasjon tidlegare.
– Me har aldri hatt advarslar for brot på retningslinjene når det gjeld alkohol tidlegare, seier Hordnes.
I same brev blir friidrettspresident Svein Arne Hansen skulda for upassande åtferd mot den aktuelle utøvaren. Sjølv nektar Hansen for skuldingane.
Les saka: Hansen får støtte av topputøvar