– Eg var spent og nervøs, eg greidde ikkje å slappe av på skiene. Men det var gøy å komme i gang, det var ein god dag, sa Sundby til NRK etter smigeren.
– Kva betyr det å vinne opningsrennet?
– Det er både og. Tidlegare har det vel stort sette vore slik at den som vinn på Beitostølen, ikkje har særleg suksess seinare i sesongen. Men det var gøy. Eldar og eg er helt jamne, mange andre går også fort. Det kan bli ein god vinter, sa Sundby.
– Det var tungt, og det gjekk ikkje spesielt fort på slutten. Dette var ikkje noko overskotsløp av meg, sa Eldar Rønning til NRK etter målgang.
Lik løpsutvikling
Han og Sundby hadde ei helt lik løpsutvikling og låg nesten likt på alle passeringstider. I mål var Sundby, som starta sist av dei to klassiskspesialistane, 1,3 sekund føre.
– Men det verkar bra. Jobben er gjort og det fungerte godt teknisk. Men det var ikkje optimalt, og eg stivna litt på slutten. Eg trur Martin greier det, sa Rønning då han sto ved mål og venta på Sundby.
Og Sundby greidde det så vidt. Med fordel av å ha starta etter Rønning, visste han inne på stadion kva som gjaldt, og klarte smigeren.
Forbanna Jespersen
Chris Jespersen tok tredjeplassen, slått med berre 8,3 sekund av Sundby. Det var han ikkje nøgd med.
– Eg gjekk for å vinne, men skiene var ikkje gode. Dei var altfor bakglatte, og eg var nok litt forbanna der ute, sa Jespersen.
Han heldt godt følgje med Sundby og Rønning, men mista eit sekund her og eit sekund der. Men han heldt farten mot slutten.
– Eg skal på pallen i morgon også, sa Jespersen.
– Martin er storfavoritt
Før start utropte lagkameratane Sundby til dagens favoritt.
– Martin er storfavoritt, sa Eldar Rønning før start på dagens 15-kilometer klassisk.
– Du er ram til å prøve å velte favorittstempelet over på han?
– Ja, når han presterer som han gjer på trening, må han tole det, sa Rønning til NRKs intervju. Før han la av garde.
Sundby vedgjekk at favorittstempelet ikkje gjekk heilt upåakta.
– Eg likar ikkje dette. Eg har halde igjen på trening i hele haust, og så kjem gutane og seier at eg er favoritt. Det likar eg ikkje, var Johnsens svar då han sto på start.
– Det verka litt. Eg gjekk ut med nokså høge skuldrer, sa han etterpå.
Northug: – Ei grei gjennomkøyring
Petter Northug sleit. Han tapte mykje heile vegen og enda på 61.-plass, nesten to og eit halvt minutt etter vinnaren.
– Dette var omtrent det eg hadde venta. Det var godt å få på seg startnummer og få ei god gjennomkøyring også i låglandet. Kroppen verka omtrent som eg venta, sa Northug.
Han var ikkje skuffa over plasseringa langt nede på lista.
– Planen var at eg skulle gå jamt og godt like under syregrensa, og det gjorde eg. Dette var ei fin gjennomkøyring, seier han.
– Når skal du gå ditt neste løp?
– Kanskje i morgon. Det skal av avgjere i ettermiddag, seier Petter Northug.