– Det var heilt i kjellaren der. Heilt tomt, sa Edvald Boasson Hagen til NRK etter gårsdagens femteplass i sykkelklassikaren.
Boasson Hagen var ein del av tetgruppa på fem mann som skulle gjere opp om sigeren mot slutten av rittet, men eit par kilometer før mål sette Mathew Hayman inn eit rykk som rudsbygdingen ikkje klarte å svare på.
Men han var ikkje den einaste som fekk ein tøff ferd over 250 kilometer i nord-Frankrike. Rittet er kjend som det tøffaste av alle klassikarane og hadde om lag 200 ryttarar på start – av dei vart det berre rett over halvparten som kom seg i mål på velodromen i Roubaix.
Ein av dei som kom seg i mål var Alexander Kristoff, men ein punktering på eit dårleg tidspunkt øydela sjansane for å kjempa i toppen. Slik såg han ut før start og etter målgang.
Boasson Hagens lagkamerat, Mark Cavendish, fullførte for første gong løpet.
Han var ein av fleire ryttarar som la ut bilde på sosiale medium etter rittet.
– Når du vaknar tidleg og ikkje får sove fordi det gjer vondt i heile kroppen. Dagen etter Paris-Roubaix. Eg elskar jobben min..., melder den tyske spurtaren, André Greipel, på Twitter dagen etter.
Og dette er berre nokon av ryttarane som kom seg til mål. Fleire kom seg aldri så langt, etter stygge velt undervegs.