Hopp til innhold

Maria Sjarapova tatt for doping med hjartemedisin

Den tidlegare topprangerte tennisspelaren Maria Sjarapova fortalde i kveld at ho har testa positivt for den ulovlege hjartemedisinen meldonium.

Maria Sjarapova

DOPA: Maria Sjarapova vedgjekk i dag at ho avgav positiv dopingtest på hjartemedsinen meldonium i Australia i januar

Foto: Jayne Kamin-Oncea / Reuters

Det skjedde under Australian Open i januar.

Ho opplyste det sjølv på ein pressekonferanse i kveld. Stoffet er hjartemedsinen meldonium, som ikkje kom på dopinglista før 1. januar i år. Då hadde ho brukt det i nærmare ti år.

Sjå pressekonferansen her:

Tatt for bruk av meldonium. Maria Sjarapova innrømme doping.

Ho opplyste på pressekonferansen i Los Angeles at ho har brukt stoffet i alle desse åra etter avtale med sin lege. Ho var ikkje klar over at det blei forbode ved årsskiftet, men aksepterer likevel at ho har avgitt positiv dopingtest.

– Eg fekk eit brev frå WADA 22. desember om endringar i dopinglista, men eg sjekka ikkje lista, sa ho på pressekonferansen.

– Eg tek fullt ansvar for det som har skjedd, og ber om orsaking. Det var eit stort mistak, sa ho.

Maria Sjarapova

SUPERSTJERNE: Maria Sjarapova har vunne alle fem Grand Slam-turneringane og var på verdstoppen i 21 veker

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp
– Vil ikkje avslutte på denne måten

Ho håpar å kome tilbake til tennisen i framtida.

– Eg veit at dette kjem til å få konsekvensar for meg. Men eg ønskjer ikkje å avslutte karrieren på denne måten, og håpar eg får lov å kome tilbake, seier 28-åringen, som er nummer sju på verdsrankingen.

Tennisforbundet WTA har enno ikkje kommentert saka. Det er dei som skal avseie ein dom.

– Eg har gjort ein stor feil. Eg har svikta fansen og sporten eg har spelt sidan eg var fire, og elskar, sa Sjarapova.

Ho har ikkje konkurrert sidan ho tapte for Serena Williams i kvartfinalen i Australian Open i januar.

Styrtrik superstjerne

Maria Sjarapova var i mange år ei av tennissportens superstjerner. Ho har vunne i alt fem Grand Slam-turneringar, og er ei av ti kvinner som har vunne alle dei fire store – Australian Open, French Open, Wimbledon og US Open. I 21 veker i 2005-06 toppa ho verdsrankingen.

Forbes' årlege liste over dei rikaste idrettskvinnene i verda toppa ho i fjor for ellevte året på rad. Frå juni 2014 til juni 2015 tente ho over 200 millionar kroner.

Meldonium blei altså først forbode frå 1. januar i år, men stod på WADAs overvakingsliste i heile 2015.

– Det var då vi tok til å forstå at dette var eit stoff som var i bruk innan idretten som eit prestasjonsfremjande middel, sa medisinsk sjef Per Wiik Johansen til NRK nyleg.

– Vi såg at det var stadig meir i bruk, og sette det derfor på forbodslista, sa han.

Sjå Johansens forklaring om kva meldonium er:

PER WIIK JOHANSEN, medisinsk sjef i Antidoping Norge, forklarer hva meldonium er. Reporter: Hans Henrik Løken.

Mange meldonium-avsløringar hittil i år

2016 er berre drygt to månader gammalt, men det har allereie vore fleire tilfelle hittil i år der topputøvarar er tatt for bruk av meldonium:

  • Den svenske etiopisk-fødde verdsmeisteren på 1500 meter Abeba Aregawi blei avslørt i januar.
  • Etiopias Endeshaw Negesse, som vann Tokyo maraton er tatt.
  • Den russiske sykkelryttaren Eduard Vorganov i Katusja blei også avslørt i januar.
  • Dei ukrainske skiskyttarane Olga Abramova og Artem Tysjenko blei tatt under eit verdscuprenn i januar.
  • OL-vinnar i isdans Ekaterina Bobrova blei avslørt under kunstløp-EM i slutten av januar.
  • Og no altså den største stjerna av dei alle, russiske Maria Sjarapova.

Sportsnyheter

Manchester United

United ydmyket og får slakt – ekspert ber forsvarsstjerne gi seg

Manchester United gikk på sitt 13. tap for sesongen mot Crystal Palace. Spesielt forsvarsvikarene og manageren får sterk kritikk etter det som blir kalt årsverste av storklubben.

Siste nytt

  • Daley klar for sitt femte OL

    Stuper Tom Daley får delta i sitt femte OL, det ble klart da han tirsdag ble presentert som en del av det britiske laget. 29-åringen tok en pause fra sporten etter at han vant gull i forrige OL, men kommer til å delta igjen i Paris-lekene.

    FINA Diving World Cup 2021 and Tokyo 2020 Olympics Aquatics Test Event
    Foto: NAOKI OGURA / Reuters
  • Tidligere OL-utøver drept i krigen i Ukraina

    Vektløfteren Oleksandr Pjeljesjenko er den første OL-utøveren som har blitt drept i krigen i Ukraina, skriver The Guardian.

    Han døde i kamp for å forsvare landet sitt på søndag, det bekrefter den nasjonale OL-komiteen i Ukraina.

    30-åringen ble nummer fire i vektklassen 85 kilo under OL i Rio i 2016. Han har også blitt europeisk mester to ganger.

    «Det er med stor sorg at vi må meddele at i dag sluttet hjerte til den ærede idrettsmesteren i Ukraina, to ganger europeisk mester i vektløfting, å slå» skriver den nasjonale OL-komiteen i Ukraina på Instagram.

    Pjeljesjenko var utestengt fra idretten i perioden 2013 til 2015 som følge av en dopingforseelse. Deretter gjorde han comeback og tok EM-gull i 85-kilosklassen i 2016. Året etter forsvarte han tittelen. I 2018 begikk han et nytt brudd på dopingreglene og sluttet å konkurrere.

    Mer enn 400 ukrainske idrettsutøvere og idrettsledere skal være drept i krigen.

    (NRK/NTB)

    U11uSDVHKrI
    Foto: Afp
  • Moyes ferdig i West Ham etter sesongen

    West Ham bekrefter at David Moyes er ferdig som manager i klubben etter sesongen.

    I en pressemelding mandag kveld skriver Premier League-klubben at Moyes og klubben er enige om å avslutte samarbeidet etter fire og et halvt år.

    – Jeg har virkelig likt å jobbe med alle i West Ham, og vil takke styret for å gi meg sjansen til å lede denne fantastiske klubben, sier Moyes.

    I løpet av sin periode i London-klubben, ledet 61-åringen dem blant annet til seier i Serieligaen forrige sesong. Det var West Hams første store trofé siden de vant FA-cupen i 1980.

    – David har vært ansvarlig for en periode i vår historie med stor fremgang og suksess, og vi er ekstremt takknemlige for hans harde arbeid, engasjement og dedikasjon til rollen, sier styreleder David Sullivan.

    Med to kamper igjen av sesongen ligger West Ham på niendeplass i Premier League.

    Lørdag spiller de sesongens siste hjemmekamp mot Luton. Klubben skriver at Moyes vil få den hyllesten han fortjener fra supporterne ved at avskjeden allerede har blitt opplyst om.

    Samtidig som Moyes bekreftes ferdig i klubben, skriver både BBC og The Athletic at spanske Julen Lopetegui blir ny manager i West Ham.

    57-åringen skal være enig om betingelsene, men har så langt ikke signert papirene. Spanjolen har vært uten jobb siden han ble sparket i Wolverhampton i august i fjor. (NTB/NRK)

    David Moyes
    Foto: Maja Smiejkowska / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal