– Eg har vore avventande. Vi starta på «kvar vår side av bordet», seier Siem til NRK.no
Generalsekretæren legg på ingen måte skjul på at han var skeptisk til Per-Mathias Høgmo som kandidat til jobben som landslagssjef.
– Det gjekk på hans akademiske måte å jobbe på, og hans politiske måte å kommunisere på. Det måtte eg sjå nærare på, og det har vore ein prosess for meg å finne ut av.
– Mykje fastare i fisken enn eg frykta
Siem var lunken til Høgmo heilt til dei innleia ein siste samtale på tomannshand. Etter praten bråsnudde generalsekretæren, og beskriv samtalen som eventyrleg.
– Presidenten (Yngve Hallén) ønska at eg skulle ta ein ekstra prat med Per-Mathias fordi eg hadde behov for det.
– Eg skal ikkje seie at eg blei frelsa, men eg blei veldig motivert av det han snakka om. Han er mykje fastare i fisken enn eg frykta, og leiarskapen var mykje tydelegare enn eg frykta. Å vere akademisk er ikkje noko negativt. Eg måtte berre forstå korleis det fungerte til dagleg, seier Siem.
– Høgmo er meir avhengig av gode resultat enn andre
Like etter praten med Høgmo kontakta ein euforisk Siem fotballpresident Hallén, og sa:
– «Fy f... Dette var bra greier!». Eg blei veldig fascinert og motivert.
Og plutseleg var Per-Mathias Høgmo forbundsstyrets einstemmige førsteval som landslagssjef.
– Han er veldig målretta, og veit kor han vil. Han er veldig klar på at han skal vinne, og komme til meisterskap. Han har så absolutt mi fulle støtte no, seier Siem.
Kjetil Siem meiner at Høgmo er meir avhengig av å lukkast på banen enn fleire andre trenarar for å skape entusiasme hos publikum.
– Per-Mathias får ikkje noko gratis. Han er nok meir avhengig av gode resultat enn andre for å heve produktet. Per-Mathias har signalisert ei endring no, men han treng meir enn andre å vise at det skjer noko. Eg tenker på laguttak og oppstilling av tropp, fortel generalsekretæren.