Dei nøytrale følgjebilane hadde ein svært dårleg dag på jobben. To gonger sende dei ryttarar i bakken.
– Dette er raudt kort til følgjebilen. Det er frykteleg at slikt skal skje, seier Dag Erik Pedersen om episoden der Jesse Sergent blir køyrt ned av ein følgjebil i Flandern rundt. Det var ein såkalla nøytral følgjebil som skulle forbi Sergant. Men det var for trongt, spegelen på bilen trefte Sergant i sida og sende Trek Factory-ryttaren frå New Zealand i asfalten.
– Det er grufullt å sjå på. Følgjebilen prøver å presse seg forbi der det heilt tydeleg ikkje er plass. Sergant anar fred og ingen fare, og er heilt tydeleg ikkje klar over at bilen, seier Pedersen etter å ha sett videoklipp av episoden.
– Det er heilt amatørmessig gjort av ein Shimano-følgjebil som skal vere mykje meir rutinert enn dette. Denne sjåføren bør få raudt kort, seier Pedersen.
Sergant kunne ikkje halde fram, og måtte bryte rittet. Dei første rapportane går ut på at han braut kragebeinet.
Skjedde ein gong til
Litt seinare: Ein annan Shimano-følgjebil klarer ikkje å stoppe i tide, kolliderer med FDJ-lagets følgjebil, som kjem borti FDJ-ryttar Sebastien Chavanel, og sender franskmannen i asfalten.
– Dette er uaktsamt og heilt uakseptabelt. Shimano-sjåførane verkar å vere heilt på tuppa i dag. Dei er utruleg stressa. Sjåførane må vere hundre prosent skjerpa i eit så stort ritt, seier Pedersen.
Dag Erik Pedersen trekkjer parallellar til hendinga i Tour de France i 2011, der
Hoogerland vart kasta over eit piggtrådgjerde og hamna i grøfta, blodig og oppriven.Sjåføren av tv-bilen vart utestengd på livstid.
– Forferdeleg å sjå på
– Slike ting skjer heldigvis ikkje ofte. Men det er forferdeleg å sjå på dei gongane det skjer, seier Pedersen.
Edvald Boasson Hagen i TV2s studio er også sjokkert over det han har sett.
– Det er ikkje slik det skal vere. Det er tronge vegar og mange bilar og ting skjer, så ryttarane skal vere påpasselege. Men ein skal ikkje trenge å forvente at det kjem bilar bakfrå. Uheldigvis kan slikt skje.
Det er fælt å sjå bileta. Det er ikkje slikt som skal skje. Det har skjedd før, og det er sikkert ikkje siste gongen det skjer heller.
Sjåførane skal vere vakne når dei køyrer bil, seier Hagen.