Klokka to i natt norsk tid skal Stig André Berge og resten av det norske brytelandslaget på matta i OL-kvalifiseringen i Mongolia.
Men ni timar før konkurransen for menn startar framstår situasjonen kaotisk.
– Ryktene seier at fleire fly ikkje har klart å lande fordi det er sandstorm på flyplassen, og at dette har forhindra fleire utøvarar og dommarar å ankomme, seier landslagstrenar Fritz Aanes, som har høyrt dette frå andre lands trenarar.
Frustrert
Landslagstrenaren er frustrert over mangelen på informasjon frå arrangøren.
Aanes fortel at dei norske utøvarane enno ikkje har fått opplyst kven dei skal bryte mot. Det skaper usikkerheit før konkurransen, som dei heller ikkje veit om det blir noko av med det første.
– Det er litt frustrerande med tanke på at utøvarane ikkje veit kor mange nasjonar som kan stille i konkurransen. Vi må kanskje endre kampplanen fullstendig avhengig av kor mange som stiller, men det er jo likt for alle, seier Aanes.
Unngjekk reisetrøbbel
Det norske landslaget ankom Ulan Bator i Mongolia for seks dagar sidan og har med det unngått reisetrøbbel.
Norge har som mål å kvalifisere to menn og ei kvinne til OL i Rio.
– Vi aner ikkje kva som skjer. Stemnet skal i utgangspunktet starte klokka ni. Vi får sjå kva det blir til når vi dukkar opp i hallen i morgon. Eg håpar alle brytarane kjem fram i tide, seier Aanes, som ikkje utelukkar at konkurransen kan bli utsett.
På kvinnesida stiller Grace Bullen (19), som tok bronse i europaleikane i fjor. Ho skal konkurrere laurdag.