Publiserte hemmeleg TV2-intervju om Gunnarsson-saka

Fotballbladet Josimar har via heile årets første utgåve til Gunnarsson/Stengel-saka. Bladet siterer blant anna frå to upubliserte intervju TV2 gjorde med Jim Solbakken, som aldri før har sett dagens lys.

Jim Solbakken

DEL AV DOKUMENT: Ny informasjon om Jim Solbakken er noko av det Josimar skriver om. Her frå kampen mellom Norge og Ungarn på Ullevaal Stadion i haust.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Over 180 sider går fotballbladet grundig til verks i den mest omtalte overgangssaka i norsk fotballs historie, betre kjend som Gunnarsson/Stengel saka.

I bladet vert det lagt fram e-postar, tekstmeldingar og annan kommunikasjon mellom dei involverte i saka, frå tida både før, under og etter TV2 avslørte saka. TV2 slo opp saka i 18.30 nyheitene, 12. oktober 2011.

Upubliserte intervju

Etterspelet av TV2s avsløringar, førte til at fire personar vart tiltalt for grovt bedrageri, men alle vart seinare frikjend i retten.

Josimar

180 SIDER: I den nye utgåva av fotballmagasinet Josimar går dei grundig til verks med sin omtale av overgangssaken.

Ein av dei som vitna i saka var fotballagent Jim Solbakken, som i retten fortalde at overgangssummen for Gunnarsson var til marknadspris, og at Stengel-avtalen ikkje hadde noko med den Gunnarsson-overgangen å gjera.

Men før TV2 gjekk ut med saka skal Solbakken ha fortalt ein annan historie til ein TV2 journalist, i to upubliserte intervju, same dagen som avsløringa på TV2.

– Samtaleforma var av ein sånn karakter at det vart vurdert som mangelfull klargjering av premisset at det var eit intervju, sa sportssjef i TV2, Vegard Jansen Hagen, til Josimar om kvifor dei ikkje brukte klippa.

Vil ikkje kommentere

Med mangelfull klargjering av premissane, siktar han til ver varsam-plakaten, som seier at «det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles overfor kjelder og kontaktar».

Ovanfor NRK vil ikkje Jansen Hagen kommentera saka ytterlegare, men NRK har sett det eine av dei to intervjua. Det som er sitert i Josimar, stemmer med det opptaket viser.

Som faktaboksen viser, var det store spørsmålet i straffesaka som følgde om Stabæk hadde brukt kjøpsopsjonen på Herman Stengel for å få ned prisen på Veigar Pàll Gunnarsson. Nancy hadde nemleg rett på 50 prosent av Gunnarssons overgangspris.

– Heilt klart ein intervjusituasjon

Bak dokumentaren til Josimar står Lars Johnsen og Håvard Melnæs, som har jobba med den i nesten eitt år. Dei har vurdert det presseetiske annleis enn det TV2 gjorde.

– Jim Solbakken kjende til at TV2 jobba med saka, det visste han om i fleire veker. Vi oppfattar dette som ein klar intervjusituasjon, og ser det som uproblematisk å publisera det, seier Håvard Melnæs til NRK.

NRK har prøvd å kontakta Jim Solbakken, men han har ikkje kome med nokon kommentar.

I fjor haust valde Stabæk å gå til sak mot staten, og krev 9,8 millionar kroner i oppreising i etterkant av overgangssaka. Det skal opp i rettssystemet i april i år.

Siste nytt

  • Hegerberg fra start

    Ada Hegerberg spiller fra start når Lyon møter Wolfsburg i mesterligaen klokken 18:00 i kveld.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Veien til EM
Veien til EM
Veien til EM (7:12)
Veien til EM (7:12)
Veien til EM