Ho var knusande overlegen i finalefeltet, og forbetra sin personlege rekord med fire hundredelar – ein rekord ho sette då ho sist helg sikra seg billett til VM i Beijing i neste månad.
– Det kjendest så lett. Det gjekk som på autopilot heile vegen. No har eg omsider fått den framgangen som eg har venta på sidan eg var 17–18 år, seier Pedersen, som no har blitt 23. Skader har mykje av skulda for at det har teke så lang tid.
Like bak noregsrekorden
Løpet gjekk i 1,8 sekundmeter medvind, akkurat nok til at tida kan godkjennast som personleg rekord. 12,88 er 14 hundredelar bak Christina Vukicevics norske rekord frå 2009.
– Det er vanskeleg å seie om framgangen held fram, men det går lettare no enn på lenge.
– Kva blir programmet ditt fram mot VM?
– Det veit eg ikkje enno. Det må eg diskutere med trenaren, seier Pedersen til NRK.
Tida er så sterk at ho truleg vil blande seg inn i kampen om kongepokalen. Den skal delast ut når NM er slutt søndag.
– Gledde meg til duellen
Christina Vukicevic skulle ha gjort comeback under NM, der ho også håpa å kvalifisere seg til VM. Men ho vart skadd under oppvarminga og måtte gje seg.
– Det var litt kjipt. Eg hadde gledd meg til dette, seier Pedersen. Som ser lyst på framtida for norske hekkeløparar.
– Vi har så mange gode på juniornivå, og vi har eit godt trenarteam. Så om tre ti fem år har vi menge som kan pushe kvarandre mot toppen, sa ei svært glad Isabelle Pedersen etter NM-gullet.
Om Christina Vukicevic måtte melde pass til 100 m hekk, kunne veslebror Vladimir juble for gull på mennenes 110 meter. Han vann suverent med 13,84 framfor Karsten Warholm med 14,30.
Ingebrigtsen vann 5000 m
Henrik Ingebrigtsen valde 5000 m under NM, og der hav han klart best. Vinnartida vart 14.22,17, nesten ni sekund føre Bjørnar Sandnes Lillefosse på sølvplass.
– Eg måtte velje ein distanse på fredagen, og valet stod mellom 5000 m og 110 m hekk, fleipa han etter gullet.
Det betyr at han står over 1500 m i meisterskapet. Begge brørne hans er med der, og begge gjekk greitt gjennom forsøksheatet. Jakob (14) var best av dei med 3.58,16, Filip fekk 3.59,02. Best av alle var Erik Udø Pedersen med 3.58,06.
Karten Warholm tok sin andre medalje for dagen då han vann 400 m på 47,39.