– Ole Einar går fyrste, så Johannes, Tarjei og Emil, seier landslagstrenar Egil Gjelland om dagens stafettlag i verdscupen i Ruhpolding.
– Ser me her fasiten for VM også?
– Ja, det kan godt hende. Det er dei tankane me har ja, bekreftar Gjelland.
Svendsen vil sjå Bø som ankermann
Det er ingen tvil om kven som skal gå på stafettlaget til Norge under VM på heimebane. Om alle er friske er Ole Einar Bjørndalen, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen soleklare val. Spørsmålet er berre i kva slags rekkjefylgje dei skal gå.
– Me vil nok sjå at både eg, Tarjei og kanskje ein til går sisteetappen før VM. Eg trur det er bra om me ikkje er fastlåst til eit system, sa Emil Hegle Svendsen til NRK etter sesongens fyrste verdscupstafett i Hochfilzen før jul.
Der tapte Svendsen sigeren på sisterunden mot russiske Anton Sjipulin, riktig nok med dårlege ski. Etter målgang meinte han at Tarjei Bø måtte få prøve seg på sisteetappen.
Men det er ikkje i planane til landslagstrenar Egil Gjelland.
– Me prøvar det me meiner er best og den planen køyrer me på fram mot VM, seier Gjelland.
Hanevold: – Burde testa backup-plan
NRKs ekspert, Halvard Hanevold meiner landslaget burde ha nytta sjansen dei har i verdscupen i Ruhpolding i dag, til å teste ut Tarjei Bø på ankeretappen.
– Akkurat i denne verdscupen kunne det vore bra å sjå Tarjei på ein siste etappe. Emil har ikkje vore heilt på plass på den biten der til nå, og det kunne vore fint å prøve ein backup viss ting ikkje er heilt på plass i VM heller, seier Hanevold.
Men Tarjei Bø sjølv ser ikkje på seg sjølv som den beste ankermann-kandidaten.
– Eg trur det blir Emil, det er det me går for. Me har eit lag som me trur fungerer bra og me er trygge på plassane våre, seier Bø.
Om det blir som Gjelland nå verkar å vere klar på, med Tarjei Bø på tredje og Emil Hegle Svendsen som avsluttar, vil trønderen gjere alt for å unngå ein reprise frå OL i Sotsji.
– Får håpe det ikkje blir som i OL at me blir nummer fire og at det er mi skuld, seier Svendsen og ler.
Verdscupstafetten for menn frå Ruhpolding ser du frå 15.15 på NRK1.