– Det er heilt horribelt av juryen og tidenes dårlegaste avgjerd at dei aksepterer protesten. På oss verkar det som om heile greiene er kjøpt og betalt, seier Ingebrigtsen.
Landslagstrenar Bjørn Kåre Ingebrigtsen legg ikkje noko mellom når han karakteriserar FIS og det tyske kombinertlandslaget. I dag hamna Norge og Tyskland nok ein gong i fight på oppløpet. Nå er det verkeleg ampert mellom dei to store kombinertnasjonane.
- I går meinte Jørgen Graabak at Fabian Riessle fekk smake sin eigen medisin da han ramla på oppløpet da dei to spurta om sigeren i lagkonkurransen. Tyskland la inn protest, men den blei avvist. Riessle kalla i etterkant Graabak for ein arrogant mann.
- I dagens individuelle renn møtte Magnus Krog Eric Frenzel på oppløpet. Krog vann, men Tyskland protesterte igjen fordi dei meinte Krog hindra Frenzel da han gjekk forbi inn på oppløpet. Denne gongen blei protesten godkjent, og Krog blei diska.
- Fabian Riessle kalla Jørgen Graabak for «din vesle horeson» etter målgang i går.
- Norge og Tyskland har vunne alle renn i verdscupen i år, bortsett eitt som austerriske Bernhard Gruber vann.
– Tidenes dårlegaste juryavgjerd
I går blei protestar frå begge lag avvist, men i dag blei Magnus Krog diska frå sigeren. Den avgjerda er Ingebrigtsen langt frå einig i.
– Bevisa er krystallklare på at Krog ikkje gjorde noko gale. Det er kjedeleg at FIS lar seg påverke så lett. Sportssjefen i tysk kombinert er styreformann i FIS sitt «executive board».
.– Tyskland er nasjonen med mest makt, mest pengar og har størst innflytelse på det som skjer og da gjev FIS etter.
Ottesen kjenner seg ikkje igjen
Lasse Ottesen er renndirektør i FIS, han avviser skuldingane frå den norske landslagstrenaren.
– Det er noko han får stå for, men spør du meg er desse skuldingane tatt ut av ingenting. Når det gjeld hendinga i dag, blei avgjerda teken av tre jurymedlemmer frå Austerrike, Italia og Tyskland.
Hovudpersonen sjølv, Magnus Krog fortel at det var ampert i målområdet etter spurten mot verdscupvinnar Frenzel.
– Det tyske støtteapparatet er ganske hissige så dei gav seg ikkje så lett, sjølv om det verka som om Frenzel meinte det var ein grei fight. Det var ganske heftig temperatur i juryrommet, fortel Krog.
Bryter reglane for skitesting
Ingebrigtsen meiner også at FIS ser gjennom fingrane på andre regelbrot dei tyske kombinertløparane gjer gang på gang.
– Tyskarane går ut og testar ski i halvannan time før løypene opnar utan at det får konsekvensar. Det fører til at Frenzel får gode ski og heng med Krog. FIS ser mellom fingrane og lar dei dure fram slik som dei vil.
Han trur ikkje det vil hjelpe å ta dette opp med tyskarane sjølve.
– Det har eg ingen intensjon om. Det blir å snakke for døve øyrer. Dei opptrer ufordrageleg.
Renndirektøren i FIS meiner desse påstandane ikkje er sanne.
– Det er uriktig, det er ingen som har gjeve Tyskland tilgang til noko som helst meir enn andre nasjonar. Det er beklageleg at ein skal kome med slike skuldingar. Bjørn Kåre burde ha såpass stoltheit at om han har noko å diskutere med FIS, bør han kome til oss for å ta diskusjonen, seier renndirektør Ottesen.