Hockeyklubben Frölundas styreformann har i dag kalla Rosselli Olsen inn på teppet for ei forklaring etter skandaleoppgjøret i svensk eliteserie, som blei stoppa og utsett då ein tilskodar kasta knallskot på ein spelar i oppvarming.
På spørsmål om Rosseli Olsen har kontrakt også neste sesong svarar styreformann Mats Grauers:
– Det er noko vi må diskutere. Klubben må sjå på korleis vi går vidare etter dette, seier han til Sveriges Radio.
– At nokon i Frölunda bryt reglane på eit anna idrettsarrangement stemmer ikkje overens med dei verdiane vi har i klubben, legg han til.
Rosseli Olsen har to år igjen av kontrakten.
Har bedt om unnskyldning
Søndag tok Frölunda seriegull i svensk ishockey. Onsdag kveld feira spelarane fortsatt triumfen med å overvære eitt av dei store rivaloppgjøra i svensk fotball.
Straks kampen var stoppa sprang Mats Rosseli Olsen inn på graset, sparka ballen i eitt av måla og tok seg mot ei av langsidene.
Den norske landslagsspelaren i hockey blei raskt tatt hand om av vaktpersonalet og ført ut til ein av dei mange politibilane utenfor.
– Mats har bedt om unnskyldning for sin oppførsel til både vaktar og politi. Det må vel vere ein god start, seier Frölundas styreformann.
– Stuntet skulle vel vere humor, men det finst ingen unnskyldning for det han gjorde. Eg er ein person som synst at det må vere lov å gjøre feil, men det er trist at den flotte gullfeiringa vi har hatt blir tilsmussa av dette, legg han til.
– Har klubben eit regelverk for å forhindre episodar som dette?
– Det finst jo, men akkurat dette er ei unik hending. Vi har aldri hatt denne typen hending i mi tid. Eg kan faktisk ikkje svare på det. Dei fleste får vel trekk i lønna ved regelbrot, men akkurat dette veit eg ikkje korleis vi skal handtere enno, seier Grauers.
VM-aktuell
Rosseli Olsen er høgst aktuell for landslagssjef Roy Johansens norske VM-tropp.
– Vi har akkurat fått beskjed om det, og vi må sjå på det internt. Eg veit for lite om det, men synst det høres merkeleg ut. Det er ikkje sånn ein vil ha på en idrettsarena, sa generalsekretær i Norges Ishockeyforbund, Ottar Eide, til NRK onsdag kveld.