– Det einaste eg får er ei bot. Kor mykje det vert veit eg ikkje enno, seier Mats Rosseli Olsen på spørsmål om spekulasjonane om at han fekk 75 000 kroner for å springe utpå bana.
Angrande syndar
Det var ein prega Rosseli Olsen som møtte pressa i forkant av kampane mot Frankrike i helga.
– Der og då var det ei morosam greie som vart veldig feil. Eg legg meg flat og vil be alle involverte partar om orsak, seier han under pressekonferansen i Lørenskog ishall, i forkant av kveldens kamp mot Frankrike.
– Det har vore tunge dagar i etterkant og eg angrar veldig på det eg har gjort, legg han til.
Landslagssjef Roy Johansen var opptatt av at spelaren har fått si straff og vil derfor ikkje gje han ekstra straff med tanke på landslagsspel.
Storma bana i Sverige
Det var då kampen mellom IFK Göteborg og Malmö hadde blitt avblåst, grunna at ein tilskodar kasta eit knallskot på bana, at Mats Rosseli Olsen sprang utpå bana. Han sprang over heile bana, skaut ballen i mål og vart eskortert vekk av to vaktar.
Det var første gong Rosseli Olsen møtte pressa etter episoden onsdag, men allereie torsdag sende han ut ei pressemelding der han beklaga seg.
Rosseli Olsen vart i helga SM-meister i svensk ishockey med Göteborg-klubben Frölunda.