Både Expressen og Aftonbladet har vore i kontakt med ein Frölunda-spelar som bekreftar at Rosseli Olsens banestorming i oppgjøret mellom IFK Göteborg og Malmö handlar om eit veddemål mellom spelarane på det svenske hockeylaget.
Ifølgje Aftonbladet skal den norske landslagsspelaren ha fått 75 000 kroner for å gjennomføre stuntet.
Like etter at 24-åringen storma banen skreiv han dette på Twitter:
«Alltid drömt om å göra mål där! Göteborg! Ni är bäst!!!».
Kan ikkje garantere at Rosseli Olsen får fortsette
Frölundas styreformann fortel at Rosseli Olsen i dag må forklare seg for klubbleiinga etter skandaleoppgjøret i svensk eliteserie, som blei stoppa og utsett då ein tilskodar kasta knallskot på ein spelar i oppvarming.
På spørsmål om Rosseli Olsen har kontrakt også neste sesong svarar styreformann Mats Grauers:
– Det er noko vi må diskutere. Klubben må sjå på korleis vi går vidare etter dette, seier han til Sveriges Radio.
– At nokon i Frölunda bryt reglane på eit anna idrettsarrangement stemmer ikkje overens med dei verdiane vi har i klubben, legg han til.
Rosselli Olsen har to år igjen av kontrakten.
Har bedt om unnskyldning
Søndag tok Frölunda seriegull i svensk ishockey. Onsdag kveld feira spelarane fortsatt triumfen med å overvære eitt av dei store rivaloppgjøra i svensk fotball. [Mats Grauers]
Straks kampen var stoppa sprang Mats Rosseli Olsen inn på graset, sparka ballen i eitt av måla og tok seg mot ei av langsidene.
Den norske landslagsspelaren i hockey blei raskt tatt hand om av vaktpersonalet og ført ut til ein av dei mange politibilane utenfor.
– Mats har bedt om unnskyldning for sin oppførsel til både vaktar og politi. Det må vel vere ein god start, seier Frölundas styreformann.
– Stuntet skulle vel vere humor, men det finst ingen unnskyldning for det han gjorde. Eg er ein person som synst at det må vere lov å gjøre feil, men det er trist at den flotte gullfeiringa vi har hatt blir tilsmussa av dette, legg han til.
– Har klubben eit regelverk for å forhindre episodar som dette?
– Det finst jo, men akkurat dette er ei unik hending. Vi har aldri hatt denne typen hending i mi tid. Eg kan faktisk ikkje svare på det. Dei fleste får vel trekk i lønna ved regelbrot, men akkurat dette veit eg ikkje korleis vi skal handtere enno, seier Grauers.