– Dette viser at eg er tilbake, og er ei viktig stadfesting på vegen mot VM i Italia til sommaren, sa ein sliten Lundanes til Orientering.no like etter løpet.
Orienteringsløparen frå Ålesund blei berre slått av sveitsiske Daniel Hubmann. Vinnaren tok også gull måndag på mellomdistansen. Då blei Olav Lundanes beste nordmann på ein skuffande 11.-plass.
Tysdag gjekk det langt betre.
Med tida 1.30.48 var 26-åringen, som til vanleg spring for Halden SK, berre 25 sekund bak den gullvinnaren.
Svenske Fredrik Johansson kom inn skarve to sekund etter Lundanes.
– Lundanes er tilbake
Etter løpet var 26-åringen frå Sunnmøre letta og glad.
– Dette smakar utruleg godt, slo han fast.
Landslagstrenar Kenneth Buch, som redda satsinga til Lundanes, var også svært glad etter sølvmedaljen.
– Dette er imponerande av Olav Lundanes, spesielt med tanke på at det er ei slik utprega «løypeløype». Han viser høg moral og kjempar heile vegen, sjølv om han undervegs føler at det går litt tungt, sa Buch.
Betalinga for innsatsen kom i form av medalje.
– No er Olav Lundanes tilbake, smilte landslagssjefen.
Tråkka over i damefinalen
Frå Lundanes og ned til neste nordmann var det mange plassar. Magne Dæhli var dryge fire minutt bak på ein 14.-plass. Dei andre norske: Eskil Kinneberg (20), Thomas Natvig Årstad (29) og Jon Aukrust Osmoen (30).
I damefinalen blei det òg sveitsisk gull. Judith Wyuder tok sitt andre EM-gull framfor russiske Svetlana Miranova og britiske Catherine Taylor.
Einaste norske i finalen, Kamilla Olaussen, tråkka over tidleg i løpet. Ho blei til slutt nummer 30.
EM i Portugal blir avslutta med stafett onsdag. VM i Italia går av stabelen 5. juli og varer til 13. juli.