– Det er herleg med ein derby siger, seier ein smilande blid LSK-keeper, Arnold Origi, til TV 2 etter kampen.
LSK var solide bakover og dei sjansane dei gav frå seg hadde Origi kontroll på.
Eliteseriens toppscorar sende heimelaget i føringa allereie etter ti minutt, då han kasta seg fram på ein laus ball i feltet og styrte inn 1–0 før det var spelt ti minutt.
Det var hans sjuande scoring for sesongen og han har no scora i seks kampar på rad. Det har ingen LSK-spelarar gjort sidan Gylfi Einarsson scora i sju kampar på rad i 2004. Clayton Zane har rekorden med ti kampar på rad frå 2001-sesongen.
Etter ein halvtime av kampen var Bassel Jradi frampå med eit skot frå hjørnet på 16-meteren, der han skrudde ballen inn i lengste hjørne som VIF-keeper Aslak Falch var sjanselaus på.
– Dette er det alle venter på heile året, og møte Vålerenga og då er det fantastisk å ta tre poeng, seier LSK-trenar Rúnar Kristinsson til TV 2.
I andre omgang bølga spelet fram og tilbake, utan at nokon av laga klarte å skapa dei største sjansane.
– I dag slapp vi inn to mål, og scora ingen. Hadde vi scora på nokon av dei sjansane hadde det blitt ein heilt annan kamp, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal.
Før kampen hadde laga 14 sigrar kvar på dei 35 kampane mellom laga på Åråsen. No har LSK 15 mot VIFs 14. Sju kampar har enda uavgjort.
Vålerenga står framleis utan poeng på bortebane, medan LSK er uovervunne på heimebane i 2016.