– Eg er overraska over at klubben gjekk ut med dette no. Celtic er ein klubb som vanlegvis held korta tett til brystet, seier Neil Lennon til BBC.
– Tittelkampen er ikkje avgjort. Det gjenstår fleire oppgjør. Eg trur det blir ein vanskeleg periode for Ronny Deila og spelarane, men dei må sørge for å halde seg profesjonelle og fullføre så godt dei kan, seier Lennon.
Onsdag offenttleggjorde Celtic at Ronny Deila er ferdig som manager i klubben etter sesongen. Det skjer etter ei rekke sportslege nedturar for klubben frå fotballfanatiske Glasgow.
Nedturen nådde bånn då byrival Rangers sendte Deilas menn ut av FA-cupen førre helg.
– Eg trur styret hadde bestemt seg for at Deila måtte ut allereie før den kampen, seier tidlegare Celtic-profil John Hartson.
Lennon: – Eg er klar for å ta over etter Deila
Store namn som Roy Keane og Brendan Rodgers skal vere kandidatar til å ta over etter Deila.
44 år gamle Neil Lennon, som leia Celtic frå 2010 til 2014, innrømmer at også han har lyst på jobben.
– Ja, sjølvsagt har eg det. Kven vil ikkje vere tilgjengeleg for ein jobb som det.
– Eg har bedre erfaring enn sist eg trena Celtic sist. Eg har fem og eit halvt år som manager no, og er meir enn klar dersom dei tar kontakt.
Deila snakkar ut torsdag
Lennon har klare tankar om kvifor det blei uaktuelt for den skotske storklubben å halde fram med Deila.
– Laget har vore for dårlege i dei store kampane. Dei har mislukkast i meisterliga-kvalifiseringane og i europaligaen, seier Lennon.
Torsdag held Deila pressekonferanse på treningssenteret i Lennoxtown utanfor Glasgow.
– Det var eit privilegium å bli utnemnt til manager for Celtic. Det er ein fantastisk klubb, og eg har hatt ei fantastisk tid her. Eg vil aldri gløyme velkomsten eg fekk på Celtic Park for to år sidan frå så mange fans, seier 40-åringen i ei pressemelding.