– Det er ikkje artig å bli zooma inn på når du står og byter om for å ha på deg tørre klede, så eg ser akkurat den, seier Eldar Rønnning.
I går fortalde NRK at dei norske langrennsjentene reagerer sterkt på at tysk TV filma dei medan dei skifta klede etter målgang under Tour de Ski søndag.
Jentene hadde ikkje noko telt å skifte i, og det var tydelig at jentene følte seg ukomfortabel med filminga.
- LES OGSÅ:
– Kan reagere veldig ulikt
Langrennsleiinga har no levert inn protest til det internasjonale skiforbundet. Det fell i god smak hos Marit Bjørgen.
– Dei må heller ha fokus på det som skjer i løpet enn å filme halvnakne damer. Det synst eg er ufint, seier Bjørgen.
Niklas Dyrhaug som er debutant i Tour de Ski skjønnar at jentene reagerer.
– Kvar enkelt kan reagere veldig ulikt når ein blir filma halvnaken. Eg skjønnar damene, seier Dyrhaug.
Renndirektør i FIS, Jürg Capol, er kritisk til filminga til det tyske TV-teamet, og hadde denne kommentaren til det som skjedde då NRK tok kontakt mandag.
– Det er ikke vårt ønske at ein filmar på dette tidspunktet. Jentene treng tid til å slappe av og skifte, sa Capol.
VIDEO: Langrennsjentene misnøgd med nærgåande TV-produksjon
Ikkje problem hos «gutta»
Eldar Rønning håpar no det blir slutt på å filme at jentene skiftar klede i målområdet. Dei norske «gutta» blir nemleg ikkje filma halvnakne medan dei skiftar tøy.
– For oss er situasjonen ein heilt annan. Dei «zoomar» ikkje veldig mykje inn på oss. Med jentene er det vel det same temaet som har vore oppe før, at enkelte fotografar ikkje veit heilt kva som er rett og gale å gjere, seier Rønning.