– Eg skal ærleg innrømme at eg vakna med panikk og ikkje fekk puste natt til fredag, seier Kristoffersen.
Denne veka har Kristoffersen trena saman med resten av teknikk-laget i Aspen på 2500 meters høgde.
Han er ikkje den første VM-alpinisten frå Norge som kjem til fjella i staten Colorado og slit med lufta.
– Lasse Kjus sleit veldig med lufta her, men var ekstremt rå på å takle det også. Eg har litt å lære der, seier Kristoffersen.
– Kva gjør du for å forhindre dårleg pust?
– Luftar på rommet og drikk masse vatn, seier 20-åringen.
Her er Kjus sine råd til Kristoffersen
Lasse Kjus meiner Kristoffersen kan gjøre endå meir for å takle den tynne fjellufta.
– Eg barrikaderte meg på rommet og fekk opp fukta, seier Kjus, som vann fem VM-medaljar i Beaver Creek i 1999.
– Eg kunne sette på dusjen på «full guffe» i to timar midt på natta og fylle badekaret med glovarmt vatn.
I tillegg rår han Kristoffersen til å få i seg mykje salt, slik at han betre kan halde på væska han får i seg.
– Ein får litt sjokk når ein kjem hit. Det er ikkje bra å slite med luftvegane. Masse fuktigheit er nøkkelen for å forhindre betenning og heving i halsen, seier Kjus.
Tungt å trene i så tynn luft
Kristoffersen tyner lungene i Aspen, to timar unna Beaver Creek, i håp om å kunne ta medalje i slalåm.
– Eg må vere veldig påpasseleg her. Det er tungt å trene i så tynn luft kvar dag, seir Kristoffersen.
– Kva er ambisjonen din?
– For å vere heilt ærleg er eg veldig avslappa. For meg er verdscupen viktigare i år. Det er viktigare for meg å køyre bra i alle verdscuprenn og dårleg i VM enn motsett, seier 20-åringen, som blei nummer sju i siste renn før
– Kvifor?
– Skal ein komme vidare kan ein ikkje bare vere god i eitt renn. Ein må vere god over heil sesong.
- Henrik Kristoffersen stiller i storslalåm fredag og slalåm søndag denne veka. Begge renna kan du sjå på NRK.