Det gjeld øvingane stangskyting og felthurtigskyting. Ved sida av kongelaget er det dei mest populære skytingane, og har i lang tid hatt sitt eige program – "Texas på landsskyttarstemnet" – på NRK.
Men der har så langt jentene altså glimra med sitt fråver.
Jentene har vore godt representerte i kongelaget i baneskyting i mange år, og i 2006 gjekk Mette Finnestad heilt til topps. Men aldri i hurtigskyting.
– Feil signal
– Vi i Det frivillige skyttervesen (DFS) kan skryte av å ha ein idrett der menn og kvinner kan konkurrere mot kvarandre i same klasser.
Då gir det eit feil signal at ingen kvinner enno har nådd finalen i desse to hurtigskytingane, seier utdanningsansvarleg Engebret Mjøseng til NRK.no.
DFS har fått ekstramidlar frå Forsvarsdepartementet, og skal arrangere fem kurs – eitt i kvar landsdel – rundt månadsskiftet juni/juli. Alle kvinnelege skyttarar frå junioralder og oppover er inviterte, men det er plass til berre 16 på kvart kurs.
Skal lære hurtig-teknikk
Kursa skal gi opplæring i dei viktigaste teknikkane i dei to øvingane. Dei skal også arrangerast i tilknytning til landsdelsstemne eller andre større regionale stemne. Dermed blir det også sjanse for jentene til å prøve lærdommen i praksis.
– Dette håpar vi skal gi inspirasjon til vidare eigentrening, slik at vi kan auke nivået på jentene i hurtigskyting, seier Mjøseng.
– Er målet å få ei jente i finalen allereie på Oppdal i august?
– Det hadde vore heilt topp om det skjedde allereie i år. Men siktemålet meir langsiktig enn som så, seier Engebret Mjøseng.
–Korleis er interessa og påmeldinga så langt?
– Det er nok rett å seie at den er litt avventande. Men det er ei stund att til søknadsfristen går ut, og vi håpar og trur at påmeldingane vil kome når fristen nærmar seg, seier han.