– Tida er vanvitig. Dette er truleg eitt av dei beste resultata i norsk ungdomsidrett nokon sinne, NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal.
Den gamle rekorden var på 3.46,3 og vart sett av Jean Verster heilt tilbake i 1981, ifølgje age-records som har oversikt over ungdomsrekordar frå 5-19-åringar frå 48 land.
Lista er uoffisiell og inneheldt berre tider sett av utøvarar frå land der ein er 100 prosent sikker på at fødselsdatoen stemmer. På det internasjonale friidrettsforbundet sine sider (IAAF) står kenyanske Gideon Mageka med rekorden for 15-åringar, på tida 3.37,36.
Jakob Ingebrigtsen, som fyller 16 år i september, var med tida si berre fem sekund ifrå å ta EM-kravet på 1500 meter for senior, som er 3.40,50.
- Les også:
Hans tidlegare rekord var på 3.48,37 frå i fjor, noko som er det raskaste ein 14-åring nokon gong har sprunge på 1500 meter. Kravet for å ta seg til junior-VM var på 3.48, noko han klarte med god margin.
– Det som imponerer meg mest er at Jakob tar så stor jafs på sine rekordar. Tida er nesten tre sekund betre enn han sprang førre sesong, og det viser bra utvikling, seier Rodal.
Tidlegare har brørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen sagt at draumen er at alle tre skal stå på startstreken i EM i sommar.
EM går av stabelen i Amsterdam frå 6.–10. juli
Storebror 83 hundredelar frå OL-kravet
Henrik og Filip Ingebrigtsen sprang sin 1500 meter seinare i laurdag kveld, og eldstebror Henrik sette ny sesong beste på tida 3.36,33. Det var nok til å vinna heatet, men han har framleis 83 hundredelar att før han har klart OL-kravet på 3.35,50.
– Det er solid at han vinn og gjer det med god margin. Sjølv om han enno ikkje har levert tider som matchar toppnivået sitt, så har han vist fleire solide avslutningar på løpa sine, seier Rodal om Henriks løp.
Filip vart nummer tre i heatet, sekundet bak Henrik.
Les også: