Familien Ingebrigtsen
Foto: Pressebilde / NRK

Familien vinnervilje

Ein far som nekta sonen Syden-tur og morgontrening på rulleski i eit parkeringshus. Dette er historia om Norges kanskje mest kompromisslause idrettsfamilie.

Parkeringshuset på kjøpesenteret Kvadrat, Sandnes, 2004: Klokka er ti over sju ein torsdags morgon, og parkeringskjellaren er tom for bilar. Kjøpesenteret opnar ikkje før om nokre timar. Det er heilt tomt, med unntak av fire gutar i skulealder, som går runde etter runde på rulleski. Ein far som står og roper instruksar, og ei mor som ser til yngstemann som går rundt på rulleskøyter.

Det er ein heilt vanleg morgon for familien Ingebrigtsen. Brørne Kristoffer, Henrik, Filip og Martin Ingebrigtsen er tidleg oppe for å få inn ein times trening før skulen.

Bilder fra TeamIngebrigtsen.

RUNDE PÅ RUNDE: Før skulen tok Gjert Ingebrigtsen med seg barna sine på rulleskiøkt i parkeringshuset på Kvadrat i Sandnes.

– Eg likte ikkje å stå opp tidleg, men det var den einaste sjansen vi hadde til å få trent skikkeleg på rulleski på den tida. Eg visste at det ville gje resultat, seier Henrik Ingebrigtsen om øktene i parkeringshuset, no 12 år etter.

Eit kamerateam har følgt familien Ingebrigtsen over fire år, og på torsdag klokka 19.45 går første episode på NRK1. Gjennom seks episodar kjem ein tett på ein familie der alt handlar konkurranse, og det viktigaste er å vinne. Ikkje berre mot andre, men å vere best i familien.

– Eg har det største konkurranseinstinktet. Eg vil slå alle, alltid. Ikkje berre dei i familien. Eg har aldri likt å tapa i noko som helst og slik vil det alltid vere, seier Henrik.

– Folk må jo ha trudd vi var heilt galne

Det har gått 12 år sidan videoen frå parkeringshuset og mykje har skjedd sidan den gong. Kristoffer (28) og Martin (20) har lagt vekk friidrettssatsinga, medan Henrik (25) har blitt europameister og tatt ein femteplass i OL. Filip (22) har også levert gode resultat og har fleire NM-medaljar.

Og Jakob, den vesle guten som var for liten til å gå på rulleski i 2004? Han har blitt 15 år og sett no rekord på rekord i ungdomsklassane.

– Eg hugsar at på foreldresamtalar, så spurde lærarane om det var sant at vi trente før skulen. Vi var jo på skulen halv ni, slik som alle andre. Folk må ha trudd at vi var heilt galne, og det var vi jo for så vidt, seier Henrik med eit smil.

Familien Ingebrigtsen har alltid vore aktiv, og dei fem eldste brørne har alle drive aktivt med både langrenn og friidrett. Hard og målretta trening frå ung alder har gitt resultat for dei tre som framleis satsar.

I spissen for satsinga står faren, Gjert Ingebrigtsen. Han har ingen formell utdanning som trenar, men har lært undervegs. Og dobbeltrolla som far på den eine sida, og trenar på den har bydd på utfordringar.

Vart nekta ferietur

Sandnes, mars 2013: Pappa og trenar Gjert har gjort klart treningsopplegget for den kommande sesongen, og skal presentera det for Filip og Henrik. Oppstart er 29. mars, men Filip har fått tilbod om å vera med familien til dama på ferie til Syden. Avreise 28. mars.

– Har du seriøst tenkt å reise til Syden då? Det går ikkje. Du får ikkje lov. Du kan reise no, men ikkje den 28. Vi startar sesongen dagen etter, og då må du vere her. Anten er du med, eller så er du ikkje med, seier pappa Gjert bestemt.

– Har eg noko eg skulle ha sagt, eller er det diktatur her? svarar Filip.

Trass i Henriks forsøk på å støtte broren blir det som pappa og trenar Gjert har bestemt.

– Dei har vald meg inn i ei rolle. Eg vil ikkje vera ein sint mann, eg vil vere pappa. Men skal dei nå drøymande sine må eg av og til vere den sinte mannen som tar avgjerder, seier Gjert.

Gjert Ingebrigtsen

TRENAR: Gjert Ingebrigtsen opererer både som trenar og pappa for barna sine.

Foto: NRK

Alt vert konkurranse

Sandnes, januar 2016: På kjøkkenet i huset til familien Ingebrigtsen har mor Tone laga klar deig til kanelbollar. Alle sju søskena er heime og skal det sjølvsagt konkurrerast i kven som kan laga bollar raskast og finast. Far Gjert står klar med stoppeklokka, medan Tone fortel kva kriterium dei skal dømmast etter.

– Klar, ferdig, start!, seier Gjert.

Konkurransen er i gong, og alle kastar seg til verket. Konkurranseinstinkt går att i alt familien gjer. Det har ikkje blitt like godt tatt imot av alle opp gjennom åra.

Bilder fra TeamIngebrigtsen.

FØRSTEMANN: Baking vert sjølvsagt også laga konkurranse av i familien Ingebrigtsen.

– På foreldrekonferansar på skulen har vi blitt fortalt at vi må dempa ungane våre sin iver etter å alltid vere best, seier Gjert.

– Samfunnet går i feil retning med tanke på å framheva dei eigenskapane som skal til for å bli best, legg han til.

Bærum, mars 2016: NM i friidrett innandørs er nettopp ferdig. Pappa Gjert har nettopp sett Henrik ta gull på 1500 og 3000 meter, med Filip på sølvplass på begge distansane. Dei to brørne var overlegen, og det var langt ned til tredjemann.

NRK møter familien og snakkar om serien som kjem nokre veker etterpå. Pappa Gjert er ikkje uroa for reaksjonar før TV-serien.

– Nokon vil no ha andre synspunkt enn oss, men det er allmenne treningsmetodar vi nyttar. Vi har heile vegen snakka saman og det er dei som sett måla, eg har berre hjelpt dei å nå dei måla og då krevst det hardt arbeid, seier Gjert.

Henrik Ingebrigtsen

GOD RESULTAT: Henrik Ingebrigtsen har vunne EM-gull, tatt femteplass i OL og har Norgesrekorden på 1500-meter.

Foto: NRK

– Det vart for seriøst for meg

Kristoffer er eldst av dei sju søskena, og det var han som byrja med friidrett.

– Det var eg som byrja å springe, og så hang Henrik seg på. Men det vart for seriøst for meg, seier Kristoffer.

I tillegg til Kristoffer valde også Martin vekk satsinga for fleire år sidan. For dei vart det for mykje.

I søskenflokken er dei sju søsken, seks gutar og Ingrid som no er ni år. Ho har lenge vist interesse for å springe, og ser opp til brørne sine.

– Pappa, når skal du byrja å trena meg?, spør Ingrid då ho berre er seks år gammal.

– Når du er gammal nok, svarar Gjert.

Men det å trena Ingrid uroar han. Til no har han berre trent gutar.

– Ho forventar at eg skal vera trenar for ho og, men eg må jobba med meg sjølv før eg kan gjera det. Jenter er sartare enn gutar og treng meir positive tilbakemeldingar, seier han.

– Der kjem det ein ny konkurrent

Sandnes, juli 2013: 25 år etter at Gjert og Tone vart foreldre for første gong, er den siste Ingebrigtsen i rekkja berre månader unna. På ein ultralydtime er Jakob og Ingrid med for å sjå. På skjermen ser dei den ufødde babyen i magen til mor. Jordmora viser fram foten, og dei tel at det er fem tær på foten.

– Det er den minste løpefoten eg har sett. Der kjem det ein ny konkurrent, seier Jakob.

Jakob Ingebrigtsen

TALENT: Jakob Ingebrigtsen er berre 15 år, men sett stadig rekordar i aldersbestemt klassar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

William vert født 18. oktober 2013, men om det vert løpar av han vil tida vise.

Det som hvert fall er sikkert er at familien Ingebrigtsen ikkje vil slutte å konkurrera. Både mot kvarandre og alle andre i tida framover. Henrik og Filip satsar knallhardt mot EM, før sesongen store mål. OL i Rio. Henrik har ambisjonar om å kunne attskapa prestasjonen frå London, medan Filip håpar å kvalifisera seg.

Og bak dei kjem Jakob, som framleis berre er 15 år og er eit av dei største løpstalenta Norge har sett.

Første episode av serien ser du på NRK1, torsdag kl. 19.45.