– Korleis kan ein så stor skinasjon som Noreg ikkje ha kontroll på eit slikt føre?
– Eit godt spørsmål. Hadde eg visst svaret, hadde eg sannsynlegvis endra på det, seier Nystad til NRK.
I morgon er det stafett for menn. Der er ikkje Noreg favoritt, men skal ut og kjempe for gullet likevel.
No skal Nystad og resten av teamet ut for å finne ut kva som gjekk gale på kvinnestafetten, og kva som må endrast til i morgon.
– Eg er slutta å tru. Vi må teste og bruke det beste vi finn på testane. Det er slik det må vere. Vi blir ikkje noko betre av å gå på det nest beste, seier Knut Nystad.
– Beklager overfor jentene
Han er lei seg for smørjebommen i dag.
– Vi må berre beklage over for jentene. Dei har førebudd seg på dette i fleire år, og det har vi også gjort, seier Knut Nystad.
Smørjesjefen og hans folk var langt nede etter fiaskoen i kvinnestafetten. Noreg var på etterskot heile vegen og enda på ein
, 53 sekund bak dei svenske gulljentene.- Les:
– Håpar det berre var smøringa
– Eg håpar eigentleg at det var smørjinga som svikta. For det går det an å gjere noko med. No må vi ut og teste på nytt, slik at vi kan kome opp med eit betre svar til i morgon, seier Nystad til NRK.
– Korleis går det an å bomme så grovt?
– Ja, sei det. Hadde eg visst det, hadde vi kanskje site her og feira gull no, seier Nystad, som legg til at ingen ønskjer å bli nummer fem.
– Men i dag klarte vi ikkje å levere betre. Det må vi berre beklage og innrømme.
– Kva seier du til jentene?
– Vi kan berre beklage. Dei støttar oss i tjukt og tynt, og vi vil gjere vårt alle beste. Det greidde vi ikkje i dag.
Vil ikkje kalle det oppvaskmøte
Landslagssjef Vidar Løfshus har varsla
. Det meiner Nystad er feil å seie.– Vi testar som eit team. Både smørarar, trenarar og leiarar – og løparane også – er med ute når vi testar. Derfor er det teamwork både når det går godt og når det går dårleg. Men eg har ikkje problem med å stå fram i media og ta skulda.
– Vi kan ikkje gi opp
Nystad seier det kan la seg gjere å rette dette opp til stafetten for menn i morgon.
– Ja, det kan det. Etter dagens resultat ser det nok mørkt ut, men vi kan ikkje gi opp. Vi må stå rakrygga og prøve å rette det opp og kome sterkare tilbake, seier Nystad.