I fjor haust var Ola Vigen Hattestad klar. Han såg fram til eit nytt VM i Falun, men etter det ville han prøve noko nytt.
33-åringen ville gjere som så mange av sine gamle lagkameratar på sprintlandslaget og satse på langt lengre løp. No eitt år etter har pipa fått ein heilt anna lyd.
Bestemte seg i juni
– Eg har vore litt redd for å ikkje kome tilbake i sprint, så langløpsatsinga er lagt litt på is, fortel Hattestad til NRK på landslagssamling i Trysil.
Der terpar han hurtigheit med langt yngre lagkameratar, i staden for å stake timesvis kvar dag som dei tidlegare sprintkollegaene Johan Kjølstad, Øystein Pettersen og John Kristian Dahl (alle har blitt langløpsspesialistar på privatlag).
– Det har vore ei vurdering eg har tenkt på lenge. Langløpsatsing var absolutt aktuelt i vinter, men det har blitt eit så høgt nivå at eg må gå 100 prosent inn for det skal det vere mogleg å hevde seg.
Avgjerda tok han i juni og sidan då har alt fokuset vore retta mot sprint. Det blir det også ein god del år framover.
– Nå blir det sprint fram til neste OL i 2018, så blir det langløp eventuelt etter det. Det kan hende eg slenger meg med på eit par langløp i vinter også, men då blir det ikkje for å vinne men berre for å lære, seier Ørje-løparen som meiner han ikkje har grunnlaget som skal til for å henge med nå.
– Eg stakar litt meir enn tidlegare, men langt frå nok til å henge med spesialistane, meiner Hattestad.
– Han har vald det trygge
Ein av dei er John Kristian Dahl. I mange år var han lagkompis med Hattestad på sprintlaget og fekk med seg ein verdscupsiger og to individuelle NM-gull som sprintar.
Sidan då har han konvertert til langløp og no er han også i verdstoppen der med Vasalopp-sigeren i fjor som det store høgdepunktet. Han skulle gjerne sett Hattestad i Ski Classics (verdscupen i langløp) i vinter.
– Ola har absolutt kvalitetar som ville gjort han til ein god langløpar. Det er synd å høyre at han ikkje prøvar seg, det hadde vore artig å prøvd seg mot han igjen, seier Dahl som meiner Hattestad har valgt den sikre beslutninga.
– Det høyres ut som han har vald det trygge framfor det ukjente og spennande. Men det er sant som han seier, nivået er så høgt at ein må satse 110 prosent skal ein nå toppen. Han skal få det tøft om han prøvar seg i vinter utan å ha trena spesielt mot langløp, meiner Dahl.