– Dette har eg drøymd om lenge, så det er ei fantastisk kjensle, seier matchvinnaren Gytkjær til TV2 etter kampen, på spørsmål om korleis det var å scora sitt første mål for klubben.
Christian Gytkjærs scoring kom allereie etter eitt kvarter. Fredrik Midtsjø var arkitekten bak målet, då han skar inn frå sin høgre kant,og chippa ballen inn på bakre stolpe. Der sto den umarkerte dansken og breiddsida ballen opp i nettaket.
– Vi tuller litt det første kvarteret av andre omgang, men vart betre og betre og fekk kontroll på det etter kvart, sa RBK-trenar, Kåre Ingebrigtsen, til TV 2.
Jamn kamp
Rosenborg var det beste laget før kvilen, medan gjestane frå Drammen hadde overtaket i den andre omgang. Begge laga hadde fleire sjansar til å score fleire mål, men Gytkjærs scoring i byringa av første omgang vart kampens einaste.
Strømsgodset produserte fleire store sjansar, men i Marcus Pedersens fråvær klarte dei ikkje å omsetja dei i scoringar.
– Vi starta dårleg og vart straffa for det. Vi fekk heva oss etter kvilen, og fekk vist at vi ville ha med oss noko frå denne kampen. Men det holdt ikkje, seier Strømsgodset-spelar, Jonathan Parr, til TV2 etter kampen.
Med det står Rosenborg no med tre poeng på to kampar, medan Godset berre har eitt poeng på dei to første kampane.
– Eg syns ikkje det var så stor forskjell på prestasjonane, bortsett frå de første 25 minutta, då vi vart køyrd veldig. Vi hadde eitt poeng på dei to første kampane i fjor også, seier Strømsgodset-trenar, Bjørn Petter Ingebretsen.
- Les også:
Bana slo sprekker
Rosenborg skifta nyleg grasmatte på Lerkendal, og som frykta byrja den å sprekke opp tidleg i kampen. Tidleg i kampen såg ein tendensane, og jo lengre ut i kampen ein kom, jo meir utfodringar bydde bana på. Over heile bana kunne ein sjå tydleg at graset losna, og pasningane langs bakken spratt i gytt og gevær.
Sist det var like tidleg seriestart som i år var i 2010 sesongen, og den gongen var det Brann som hadde problem med grasmatta.
- Les også: