- NRK følgjer OL direkte: Slik var Canada–Noreg: 10–4
– Vi er med i matchen og er like gode som dei. Så går vi på ei blemme og derfrå og ut er det berre pliktløp. Eg blir forbanna utpå der i den sjuande omgangen, fortel Ulsrud til NRK.
I den sjette omgangen kunne Noreg gått opp til 4-3, men skip Ulsrud missa på ein vanskeleg sistestein.
Det blei i staden utlikning til 3-3, og i sjuande omgangen hadde Canada sistestein. Den skulle bli lagt så perfekt som råd.
Gigantisk jubelbrøl
Før Canada sin sistestein i omgang sju låg Noreg inne med dei to beste steinane. Canada på si side låg med tre dårlegare plasserte steinar.
Med ei perfekt dragning klarte Canada-skip Brad Jacobs å banke ut begge dei norske steinane, samstundes som han sjølv blei liggande igjen. Det doble uttaket blei feira med eit stort, stort jubelbrøl.
Fire poeng og 7-3-leiing for den store OL-favoritten.
– Vi tok ein sjanse der som vi absolutt ikkje fekk lønn for. Vi pressar på for eitt poeng, for då hadde vi fått «edgen» tilbake, men det fungerte ikkje i det heile tatt, seier Ulsrud.
– Vi fekk ein smekk, slår han fast.
Ulsrud rota det nesten til
Noreg opna kampen med å ta leiinga 0–1 då Canada hadde sistestein, før det blei 1–1 i andre omgang.
I tredje omgang var Canada berre nokre centimeter frå å få tre poeng, då Noreg-skip Ulsrud nesten rota det til. Ein enkel sistestein blei nesten for hard, men det norske laget var heldige og plukka med seg eitt poeng.
Brad Jacobs viste gode takter i fjerde omgang og sende Canada opp til 3-2, før det blei null poeng i femte omgang. I sjette omgang reduserte altså Noreg, følgt av canadisk magi i sjuande omgang.
Meir magi skulle det bli.
Saka held fram under videoen.
Tok sjansar, blei straffa
I den åttande omgangen klarte ikkje Noreg å plukke meir enn eitt poeng. På stillinga 7-4, med to omgangar igjen, måtte det norske laget ta store sjansar.
Canada hadde sistestein i niande omgang, men Noreg pressa heile tida på for å få motstandaren til å gjere feil. Skip Jacobs var derimot i storslag.
Før canadisk sistestein låg Noreg på ny med dei to best plasserte steinane i boet. Ein vakker stein frå Jacobs fjerna begge to, samstundes som han blei liggande igjen med sin eigen.
Tre nye poeng til Canada, 10–4 og Noreg var kjapt framme og takka for kampen.
– Det er litt surt no, men det var heilt jamt fram til den sjuande omgangen. Vi går i alle fall ikkje for å tape litt, vi går for siger, og i dag fekk vi smekken, seier Ulsrud til NRK.
Bør ikkje tape mange fleire
Noreg har no spelt fem kampar i Sotsji-OL. Det blei siger mot USA, siger mot Russland og siger mot Tyskland, før dei tapte mot Sverige torsdag.
Etter tapet mot Canada bør ikkje deet norske laget tape veldig mange fleire kampar om dei skal vere eitt av fire lag i semifinale.
Seinare i dag, klokka 19.00, møter Noreg Kina. Det kinesiske laget vann sine fire første kampar, før dei tapte mot Sverige fredag morgon.
I tillegg til sjette kamp mot Kina, møter Noreg England, Sveits og Danmark.