Han har egg på brødskiva under dagens trening, og han er klar som eitt egg.
Veton Berisha gler seg til å sparka i gang eliteserien i morgon, då Viking tar imot Molde på heimebane.
- Les òg:
– Det blir kjekt å møta dei regjerande seriemeistrane. Får me ein god start mot Molde, viser me at me er der, seier Berisha til NRK.
Vil bli toppscorar
Viking har normalt taket på Molde på Viking stadion, men dei mørkeblå har slite med å scora mål i oppkøyringa til årets sesong. Dette blir 18-åringen Berisha si viktigaste oppgåve å gjera noko med.
- Les òg:
I fjor blei han toppscorar i klubben med sju mål. I år vil han scora fleire.
– Eg har sagt at eg skal klara 15 mål, seier han sjølvsikkert.
Dette er eitt meir enn Peter Kovacs blei toppscorar med i fjorårets sesong. Noko han tar med knusande ro.
Vil ikkje legga press på Berisha
– Det er kanskje eit høgt mål, men eg trur likevel eg klarer det, seier han.
Viking-trenar Kjell Jonevret veit godt at Berisha blir ein av dei viktigaste Viking-spelarane i årets sesong, men ønskjer ikkje å legga press på han.
– Han vinn ingen kampar aleine, men sjølvsagt er han ein av dei viktigaste me har. Men me har mange som kan scora mål, og det vil vera heilt feil å legga så mykje press på ein 18-åring, seier han.