Dei tre snillaste fotballnasjonane i Europa får ein ekstra plass i kvalifiseringa til europaligaen til hausten. Noreg toppar tabellen føre Finland og Nederland.
Stabæk hamna på fjerdeplass på fair play-tabellen for eliteserien, men sidan laga føre – Tromsø, Molde og Rosenborg – alle er sikra europacupspel, får bærumsklubben sjansen.
Det kan gi gevinst for Stabæk, som både er økonomisk pressa og slit sportsleg. Laget er sist i eliteserien etter berre eitt poeng på dei første sju kampane.
Noreg vann fair play-konkurransen til Uefa i fjor og. Då fekk Aalesund den ekstra europacupplassen.
Slik var dei norske laga plassert på tabellen: Tromsø 8,106 poeng, Molde 8,083, Rosenborg 7,995, Stabæk 7,933, Sarpsborg 7,924, Odd Grenland 7,908, Strømsgodset 7,906, Haugesund 7,845, Viking 7,838, Brann 7,792, Sogndal 7,743, Aalesund 7,707, Start 7,704, Vålerenga 7,667, Lillestrøm 7,556, Fredrikstad 7,541.